Utvendig vert det nok som før. Men kva studieprogram HF-studentar kan velja om nokre år, er det førebels ingen som veit. Fakultetet går no i gang med eit omorganiseringsprosjekt med arbeidstittel “HF2017”. Arkivfoto: Sandra Jecmenica

Korleis vert nye HF?

Publisert

Det humanistiske fakultetet sin breidde er både ein kvalitet og ei utfordring, meiner dekan Margareth Hagen. No går fakultetet i gang med eit stort omorganiseringsprosjekt.

28 bachelor-program, 24 ordinære master-program, 2 erfaringsbaserte master-program, 3 integrerte masterprogram og 12 årsstudium. Dette er Det humanistiske fakultetet sin studieprogramportefølje per i dag. Truleg vert det færre program å velja mellom i framtida. Då fakultetsstyret hadde møte førre veke, vart det vedteke å starta arbeidet med å revidera studieprogramporteføljen.

– Dette er kanskje det viktigaste eg kjem til å gjera som dekan, sa Margareth Hagen i møtet.

Vil ha større einingar
Utfordringa er, ifølgje dekana, at studieprogramma ved HF er svært disiplinbaserte. Det betyr at mange av studieprogramma vert små og sårbare. Samstundes har fakultetet ein bemanningsplan som seier at alle fag skal ha minst tre fagleg tilsette. Men å ha berre tre tilsette som skal ha ansvar for all undervisning på ulike nivå, har vist seg å ikkje vera veldig enkelt i praksis.

– Eg har tru på å få til større einingar, men eg kan førebels ikkje seia noko konkret. Det som er viktig for meg, er at det vert gjort noko meir enn berre kosmetisk, seier Hagen til På Høyden.

Ho gjekk til val på meir tverrfaglegheit, og er tydeleg på at ho meiner at det var feil å legga ned det tverrfaglege studieprogrammet i europastudier.

HF har ei breidde som UiB bør vera stolte av. Det er berre UiO og UiB som har denne breidden innan humanistiske fag. For meg er det viktig å skilja forskingsfag og studieprogram. Ein kan til dømes sjå føre seg ei bachelorgrad i antikke studium, der faget latin har ein tydeleg plass, seier Hagen.

– Betyr det at dei tilsette skal undervisa på fleire studieprogram?

– Det kan vera ei moglegheit, seier Hagen.

– Metodologien er ganske lik for mange HF-fag, seier ho.

Låser 81 stillingar
I fakultetsstyremøtet var Hagen svært tydeleg på ein ting: Det er ikkje snakk om at nokon skal missa jobben. Det same gjentek ho i intervju med På Høyden.

Omorganiseringa skjer heller ikkje fordi HF har dårleg økonomi, understrekar Hagen, men å få ned vikarbruken er eitt av måla.

– Bemanningsplanen me har i dag fungerer ikkje fordi han baserer seg på disiplinar. Planen var tenkt mellom anna for å verna småfaga. Men slik det er i dag, må tilsette på små fag tenkja seg nøye om før dei takkar ja til eit verv, og dersom nokon søkjer om forskingstermin, må ein ha inn vikar, seier Hagen.

Ho seier at bemanningsplanen låser 81 stillingar ved fakultetet fordi alle fag skal ha ei minimumsbemanning på tre stillingar. Først når faga har fylt ei rekkje kriterium knytt først og fremst til studiepoengproduksjon, men òg til doktorgrader og vitskapeleg publisering, vert fleire stillingar innan faget vurdert.

– Planen vert tolka svært bokstaveleg slik han er no , og det vert gitt vikarmidlar for å dekka udnervisninga medan ein ventar på at det vert tilsett i stillingar som fakultetsstyret har vedteke å lysa ut, seier Hagen.

Må finna 25 millionar
Men økonomien har òg noko å seia. Fakultetsstyret vart orientert om at det må kuttast 25 millionar kroner for å få neste års budsjett i balanse. Det skuldast at ein får meir enn ni millionar mindre i resultatinntekter i 2015 og 2016 enn i 2014, sentrale strategi- og effektiviseringskutt og redusert løns- og priskompensasjon på nesten 12 millionar dei siste to åra og ei auke i husleiga på om lag tre millionar kroner i same periode. I år går fakultetet med eit underskot som har vakse gjennom året. Siste rapport viser at det kan verta om lag 15 millionar kroner.

I fakultetsstyret fekk fakultetsleiinga kritikk for det aukande underskotet.

– Mange tilsette er i tvil om fakultetet har kontroll, sa Christhard Hoffmann (AHKR).

– Den største utfordringa er at me la til grunn inntekter som har vist seg å ikkje koma. Samstundes har me brukt for mykje på løn og drift. Me kunne sagt i vårsemesteret at me måtte kutta, men me håpa at me skulle få inntekter for 2016 som gjorde at me kunne tenkja meir positivt og langsiktig. Eg tek gjerne kritikk for overoptimisme og for at eg ikkje føreslo tilsetjingsstopp i vårsemesteret, sa fakultetsdirektør Trine Moe.

Fakultetsstyret har allereie vedteke å dra inn fleire stillingar etter naturleg avgang frå 2016. Truleg må det kuttast fleire stillingar. Det problemet får styret på bordet når dei skal handsama budsjettfordelinga for neste år. Det skjer i møtet i desember.

– Det vert ikkje tilsetjingar ved HF i 2016. Men me kan kanskje lysa ut nokre stillingar andre halvår, seier Hagen.

– For lite omsyn
Dekana er likevel optimist. Ho sa i fakultetsstyremøtet at ho førebels ikkje har brukt ordet «krise».

– Det er på mange måtar spanande tider på HF. Mange ting er i spel. Griegakademiet skal truleg flytta, det får noko å seia for både økonomi og struktur. No ser eg fram til ein god prosess rundt studieprogramma, der me mellom anna vil ha både allmøte, setja ned ulike utval og ha høyringar, seier ho til På Høyden.

Nye studieprogram kan tidlegast vera i sving frå 2018.

Men Hagen er òg tydeleg på at fakultetet åleine ikkje kan gjera alt. Ho seier at ho skal strekkja seg så langt ho kan – så får UiB sentralt bidra

– Eg meiner at UiB sentralt tek for lite omsyn til HF. Me har mange fag, mellom anna språkfaga, som er undervisningsintensive og dyre å drifta. Slik ordninga er i dag, er dei underfinansierte. Ved UiO har ein til dømes teke konsekvensen av dette og gir ein kompensasjon, seier Hagen.

Powered by Labrador CMS