Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Høgskolen i Bergen får ikkje utan vidare godkjenne sine eigne lærarutdanningar når dei til neste år skal løftast til mastergradsnivå. Men lærardekan Asle Holte er optimist.
På Nokut-konferansen denne veka blei det klart at dei generelle krava til mastergradsutdanning skal gjelde for dei nye lærarutdanningane, inntil nye krav er klare. Krava er mellom anna heimla i studietilsynsforskrifta, som set krav om at 10 prosent av fagmiljøet skal vere professorar eller dosentar, og 40 prosent skal ha førstestillingskompetanse, altså at dei fagleg tilsette må ha doktorgrad eller tilsvarande.
Overraskande ekspertgruppe
Ved utdanningsinstitusjonar med doktorgradsprogram kan dei vere sjølvakkrediterande, slik at dei sjølve kan godkjenne nye utdanningar. Ved dei mindre høgskulane må Nokut godkjenne nye studieprogram.
Mens høgskulane i Bergen, Sørøst-Noreg, Oslo og Akershus og Hedmark hadde alle venta at dei skulle få lov til å opprette nye mastergrader for lærarar på eiga hand.
– Vi hadde i utgangspunktet tenkt at vi skulle vere sjølvakkrediterande på begge grunnskoleutdanningane, fortel Asle Holthe ved Høgskolen i Bergen (HiB).
I staden hadde Nokut oppretta ei ekspertgruppe som skulle vurdere fagkompetansen ved høgskulane.
– Eg var overraska over at dei hadde sett ned denne ekspertgruppa. No ventar vi på ein rapport frå ho, seier Holthe til På Høyden.
Pragmatisk løysing
Men noko stor endring blir det likevel ikkje.
– Det er dei same krava til akkreditering og eigenakkreditering. Det einaste er at vi har litt lengre fristar når vi akkrediterer sjølv.
Holthe er og nøgd med at ein inntil 1.1.2019 kjem til å bruke det gamle regelverket.
– Vi kunne ikkje ha venta i to månader på nye reglar. Dette var ei pragmatisk løysing når ein ikkje var klar med dei nye reglane.
Fryktar for mindre fag
Ei utfordring med det nye systemet kan bli dei mindre faga, for utdanningane må ha den naudsynte kompetansen innan kvar av studieretningane dei tilbyr. Alle utdanningar må tilby minst to av fem fag: Engelsk, norsk, samisk, teiknspråk og matematikk.
Men for mindre fag, som mat og helse, eller kunst og handverk, kan det bli ei større utfordring å ha nok lærarar og studentar.
– Ein kan jo ikkje ha fleire studieretningar enn ein har studentar til. Det kan bli lett for at dei minste faga faller ut. Det ser vi allereie i grunnskolelærarutdanninga i dag. Då må dei store institusjonane ta ansvar for faga slik at ein får dekka behova, meiner Holthe.
Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, er og nøgd med å ha fått ei avklaring av kva reglar som skal gjelde når dei nye masterutdanningane startar opp.
– No må vi få fornøyd det, og så må vi gjere vurderingar i høve til kor vi står. Det er ikkje slik at vi er sikre med dei gamle reglane heller. Lærarutdanninga er utfordrande for oss, seier Stokke til På Høyden.