Mange vil sitje i styret til den nye Høgskulen på Vestlandet. Høgskolen i Bergen får to faglege og ein teknisk-administrativ representant i det første styret.

Her er HiBs styrekandidatar

Publisert

15 personar er kandidatar til tre faste plassar i interimstyret til Høgskulen på Vestlandet. Les kva kandidatane svarte på spørsmål frå På Høyden.

Beate Lode (51) (fagleg)
Stilling: høgskolelektor i matematikk fagdidaktik,
Fagleg bakgrunn: cand scient (anvendt matematikk frå UiB)
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Slik skal Høgskulen på Vestlandet vere kjend: «Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein studie-/arbeidsplass der folk trivst og gler seg til å kome på arbeid. Når ein høyrer «Høgskulen på Vestlandet», tenkjer ein «Det er profesjonshøgskulen/-universitetet!». Utdanningane har relevans for yrkeslivet og er tufta på forsking av høg kvalitet.  Samfunns- og næringsliv ser HVL som aktuell å ha samspel med i utvikling og forsking.  HVL engasjerer seg globalt og vekker internasjonal interesse innan enkelte av sine fagområde med spesielle særpreg. Godt arbeidsmiljø og faglege utfordringar gjer at menneske med god kompetanse ønskjer å arbeide, undervise og forske ved den nye høgskulen og utvikle han vidare.»
For å få til ei utvikling i høve til det HVL skal vere kjend for: HVL må arbeide systematisk for å få på plass ein framtidsretta og god infrastruktur for arbeid på og samarbeid mellom dei ulike campus. Vi veit per dags dato ikkje heilt korleis denne løysinga skal vere for å bli optimal. Det er difor naudsynt at interimstyret evner å arbeide med denne problemstillinga som ein prosess og ta innover seg det som må endrast vidare. Dei som arbeider og skal arbeide/studere ved den nye Høgskulen på Vestlandet er den viktigaste ressursen vi har. Det er viktig at styret lyttar slik at ikkje arbeidsenergi går tapt i eit stivt og rigid og lite effektivt system. Det er også viktig å ta med i løysinga at store delar av profesjonsutdanningane handlar om å gjere ein god jobb i høve til andre menneske, og at alt kan ikkje lærast bak ein skjerm.

HVL må satse strategisk i oppbygging av ein fagleg organisasjon med høgre kompetanse med sikte på at Høgskulen på Vestlandet kan bli eit universitet. For å få dette til er det viktig å få på plass eit godt støtteapparat for utvikling og drift av studium, internasjonal utveksling og forsking.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Eg meiner at eg kan vere med å bidra til at Høgskulen på Vestlandet (HVL) kan bli ein studie-/arbeidsplass der folk trivst og gler seg til å kome på arbeid. Eg har gjennom mine to periodar i styret ved Høgskolen i Bergen, 2007-2011 og 2011-2015 lært mye om endringsprosessar. Arbeidet har mellom anna gitt meg erfaring med samlokaliseringsprosjektet som Høgskolen i Bergen var igjennom både før og etter innflytting på nye campus på Kronstad og i Møllendalsveien i 2014. Dette var eit krevjande prosjekt som handla om å byggje ein ny organisasjon (særleg administrativt), og planleggje nye campus/nye bygg som skulle vere klare til overtakingsdato.  I arbeidet skulle det implementerast nye prosjekt som skulle følgjast opp samstundes som den gamle høgskulen skulle drive si kjerneverksemd og levere alle sine tenester fram til flyttedato. Sett frå ståstaden som fagleg tilsett og som styremedlem, har eg gjort meg refleksjonar over kva ein kunne få betre til, og aller helst kva feil ein bør unngå i ei ny og stor omorganisering ved etablering av Høgskulen på Vestlandet. Her er fleire ting ein bør vere merksam på, og som styret kan ta betre hand om.

Styrearbeidet har og gitt meg erfaring med strategisk arbeid knytt til oppbygging av ein fagleg organisasjon med høgre kompetanse, og utvikling  av Høgskolen i Bergen sitt første phd-program fram til godkjenning av Nokut.  Dette trur eg kan vere ei viktig erfaring i vidare strategisk arbeid mot universitetsstatus.

Håvard Ulstein (44) (teknisk-administrativ)
Stilling: Rådgivar utdanningskvalitet/prosjektleiar GLU2017
Fagleg bakgrunn: Eg er religionsvitar med støttefaga samanliknande politikk, historie og PPU. Eg har dei siste seksten åra i hovudsak arbeidd innanfor lærarutdanning. Dei første åtte åra arbeidde eg på ulike høgskular (HiB, HiSF og HiVolda), i tillegg til vidaregåande og grunnskule. Dei siste åtte åra har eg arbeidd innan avdelingsadministrasjonen på AL og har hatt ansvar for avdelingsråd, høyringar eksternt/internt, rapportskriving, etc. Fram til samlokaliseringa var eg også studierettleiar. Etter samlokalisering på Kronstad har eg arbeidd som rådgivar innan  utdanningskvalitet og vidareført oppgåver som avdelingsrådsarbeid, høyringar og rapportar. Fram til oktober 2017 er eg i tillegg engasjert i ei halv stilling som prosjektleiar for utviklinga av dei nye masterutdanningane i grunnskulelærarutdanning på den nye institusjonen.
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Høgskulen på Vestlandet er i famlefasen og dei tilsette er relativt avventande. Det som blir spennande framover er korleis dei ulike prosjekta som er vedtekne klarer å engasjere dei tilsette. Det er viktige prosjekt som vil få stor innverknad på kvardagen til den enkelte og det vil vere svært uheldig dersom desse prosjekta går sin gong utan at dei er rotfest i dei enkelte miljøa. Det som kanskje er ei større utfordring, og ei meir langsiktig i utfordring, er å få ulike tradisjonar og erfaringar ved dei tre høgskulane til å  tenke fornuftig saman. Dei tre høgskulane er i dag delt inn relativt likt i avdelingar. Det vil danne grunnlag for å samle fagmiljø og administrasjon i fakultet som har større grad av autonomi enn kva dagens avdelingar har ved HiB. Uansett korleis vi endar opp med å organisere den nye institusjonen, er det ikkje tida for å spare. Det er viktig å frigjere nok tilsette som kan arbeide med fusjonen, slik at det er kortast mogleg veg frå dei som er involvert til resten.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Å få vere med på å forme ein ny institusjon er spennande og grunn nok i seg sjølv. Eg er også opptatt av korleis institusjonen organiserer det faglege og det teknisk-administrative arbeidet. På same måte som det har skjedd ei stor endring blant dei fagtilsette til kva krav som blir stilt til dei, har dei teknisk-administrative tilsette opplevd overgangen frå å vere funksjonærar til utviklarar av utdanningsinstitusjonane. Det er viktig at styret har medlemmar som også sørgjer for å målbere at rammene for det teknisk-administrative personalet må følgje utviklinga og ikkje bli for stramme.

Ragnar Gjengedal (49) (fagleg)
Stilling: 
Førsteamanuensis institutt for maskin og marin. Koordinerer mastergraden i undervannsteknologi mellom NTNU og HiB
Fagleg bakgrunn: Dr.ing 1996 fra NTNU, siv.ing 1992 fra NTNU
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Videreutvikle Høgskulen på Vestlandet som en (enda mer) attraktiv skole for studier og en attraktiv arbeidsplass for mennesker til å nå sine faglige mål innen undervisning, forskning, faglig ledelse og administrative oppgaver.
Videreutvikle Høgskulen på Vestlandet som en (enda mer) attraktiv leverandør av kandidater for private og offentlige arbeidsgivere i regionen. Dette krever at vi holder fokus på profesjonsnærheten til de yrker vi utdanner kandidater til. Ansatte som kjenner regionens behov og har en klar følelse av hvilke behov som kommer i årene framover innen sine områder.
Legge til rette for at interimsstyret utvikler «Vi-følelse» innen den nye institusjonen.
Søke at organisasjonen setter mest mulig ressurser inn mot førstelinjen, det vil si undervisning og forskning (Studentnære aktiviteter heller enn store
Utvikle en fleksibel organisasjon hvor geografi ikke skal være avgjørende for muligheter administrasjoner).
Videreutvikle universitetsambisjonen gjennom flere mulige kanaler.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Som styremedlem var jeg med på å vedta fusjonen. Jeg tror dette er et bra tiltak for å samle Vestlandet. Dette er en mulighet til å skape noe nytt og bedre på Vestlandet som kan styrke og binde Vestlandet mer sammen. Samtidig mener jeg vi trenger mennesker med yrkeserfaring fra de profesjonene vi utdanner til i styret. Derfor tror jeg at min erfaring fra industrien og høgskulen er en god kombinasjon til dette styret.

Marit Ubbe (38) (teknisk-administrativ)
Stilling: Seniorkonsulent AHS Utdanningsadministrasjon
Fagleg bakgrunn: Master i litteratur og kjønnsteori, praktisk pedagogisk utdanning.
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Å forme den nye Høgskulen på Vestlandet vert ein spannande og krevjande oppgåve i tida framover. 5 campusar, 16000 studentar og 1400 tilsette skal samlast til ein institusjon. Dette vert ei stor endring for oss alle. Mykje skal på plass i løpet av kort tid og interimstyret må gjere strategiske val som vil forme institusjonen på kort og lang sikt. Som organisasjon må vi sjå framover, vera open for nye løysingar og ha høge ambisjonar.
Gjennom det vidare fusjonsarbeidet må vi etablere ein felles kultur, forståing og tilknyting til den nye høgskulen. For å få dette til må det setjast av tid og ressursar for at tilsette på tvers av geografi, fag og stillinggruppe kan møtast og delta i opne prosessar. Høgskulen på Vestlandet skal byggas på kompetansen til dei tilsette, uavhengig av stilling. Her ligg høgskulens potensial for utvikling.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Eg ynskjer å vere med å forme den nye Høgskulen på Vestlandet til ei moderne utdannings- og forskingsinstitusjon. Som medlem av styret for Høgskulen i Bergen og har eg kunnskap om styrearbeid og er kjend med prosessen fram mot fusjonsvedtak. I interimstyret vil eg vere ein tydeleg og engasjert stemme for tilsette i teknisk-administrative stillingar.

Ingunn Barmen Tysnes (42) (fagleg)
Stilling
: førsteamanuensis ved institutt for sosialfag og vernepleie, ved sosionomutdanningen, og har vært ansatt ved HiB siden 2005.
Fagleg bakgrunn: Hun har bred organisasjonserfaring og har vært opptatt av fagpolitiske spørsmål helt siden hun var sosionomstudent. Tysnes har hatt ulike verv både innen FO Hordaland -Fellesorganisasjonen, Barnevernsambandet i Hordaland og FORSA (Forening for forskning i sosialt arbeid). Hun er nå HiB sin representant i Nasjonalt råd for BSV- utdanningene, faglige representant i avdelingsrådet ved AHS. Hun var AHS sin faglige representant i HiB sin referansegruppe under utarbeidelse av fusjonsplattformen.
Hun er opptatt av at HiB gjennom en fusjon med HiSF og HSH skal kunne styrke sin faglige profil. HiB er den største institusjonen og har en svært viktig rolle i fusjonsprosessen.
Hennes visjon er at Høgskulen på Vestlandet skal utvikle seg til å bli et profesjonsuniversitet, og et kraft sentrum på Vestlandet. Ved å utdanne kandidater for å løse morgendagens utfordringer både innen offentlig  sektor og næringsliv, tilby gjennomgående studieløp fra bachelor til ph.d., styrke den profesjonsrettede forskningen, være en naturlig samarbeidspartner for offentlig og privat sektor og andre, utdannings og forskningsinstitusjoner både nasjonalt og internasjonalt, og være en attraktiv og god arbeidsplass for ansatte.

Eli Heldaas Seland (40) (teknisk-administrativ)
Stilling
: Førstebibliotekar
Fagleg bakgrunn: PhD i kunsthistorie fra UiB
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Det blir en omfattende prosess å bygge en ny organisasjon, og det kommer til å ta tid. Det skal gjøres en viktig jobb innledningsvis med å etablere reisverket i organisasjonsstrukturen, og det er jo bare begynnelsen. Jeg tror det blir mange tøffe prioriteringer. Det er et grunnleggende premiss at det er tre likeverdige institusjoner som slås sammen, men selv om det nødvendigvis vil følge en del standardisering med gjennomgående ledelse og felles utdanningsløp, bør det ikke være noe mål at alt skal være så likt som mulig. For å få en merverdi ut av fusjonen må vi satse på, og løfte fram fagmiljøer – både vitenskapelige og teknisk-administrative – som utmerker seg på ulike måter, noen ganger på bekostning av andre. Greier vi å finne en god balanse mellom bredde og spissing, har vi et godt utgangspunkt for på sikt å nå ambisjonen om å bli profesjonsuniversitet. Jeg tror omstillingene som kommer blir krevende for alle de tre institusjonene, og håper det vil være verdt innsatsen.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Strukturreformen er den mest gjennomgripende endringen som skjer innen høyere utdanning i Norge i dag, og det er klart det er spennende å delta i prosessen når det nå er min egen arbeidsplass som skal til pers. Som styremedlem vil jeg få en unik mulighet til å være med å forme framtida, og lære en hel masse på kjøpet. 

Sissel Johansson Brenna (62) (fagleg)
Stilling:
Høgskolelektor i AHS/ Institutt for sykepleiefag,
Fagleg bakgrunn: Sykepleier og cand. polit. med hovedfag i helsefag fra UiB. I nåværende stilling er jeg koordinator for tverrprofesjonell samarbeidslæring i AHS og utdanningsleder for master i klinisk sykepleie.
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Prosessen vi nå går inn i vil bli arbeidskrevende og utfordrende på mange nivå. Interimsstyret har overordnet ansvar for å bygge opp en ny institusjon som både tar vare på det beste i dagens tre institusjoner, og som er rustet til å utdanne for morgendagens behov. Å skape nye, gode løsninger forutsetter at de det angår snakker sammen på tvers av institusjoner, og på tvers av faglige- og administrative grenser. Det innebærer at vi i en fase der «alt haster», må prioritere nøye, og tilrettelegge for åpne prosesser med bred involvering fra ansatte, fagforeninger og studenter. Jeg ønsker å være del av et styre som evner å være strategisk og nytenkende, som lytter til innspill, og som forankrer utfordrende beslutninger i bred dialog med de det gjelder.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Jeg er engasjert i utvikling og organisering av høyere utdanning generelt, og helse- og sosialfag spesielt. Fagstilling, lederfunksjoner, ulike verv i HiB, og mange års arbeid med tverrprofesjonell samarbeidslæring, har gitt meg bred erfaring fra samarbeid på tvers av profesjoner og utdanningsinstitusjoner, og samarbeid med det yrkesfeltet vi utdanner for. Jeg har også deltatt i endringsprosesser både i HiB og før vi ble HiB. Som styrerepresentant i forrige- og inneværende periode har jeg vært tett på fusjonsprosessen så langt og har mener at jeg har mye å bidra med i videreføring av dette arbeidet.

Nina Parmann (55) (teknisk-administrativ)
Stilling
Rådgiver – Seksjon for forskning og ekstern samhandling
Fagleg bakgrunn: Mastergrad i Sosiologi med mediekunnskap i fagkretsen
Fusjonsavtalen utgjør et godt fundament for den prosessen som ligger fremfor HiB og etter hvert Høgskulen på Vestlandet.  Den angir gode mål og ambisjoner som den nye institusjonen skal strekke seg etter. Styret må legge de overordnede premissene for en god prosess frem mot en  fremtidsrettet faglig sterk kunnskapsinstitusjon. Jeg ønsker å være med å påvirke den nye institusjonen i retning av å bli en moderne organisasjon preget av respekt og samarbeid mellom faglig og administrativt personale med høy kvalitet på undervisning, forskning og forvaltning. 

 

Hilde Kristin Tveit (53) (teknisk-administrativ)
Stilling: Seniorrådgiver
Fagleg bakgrunn: Helsefag hovudfag, (radiografutdanning, adm. org. grunnfag, veilederutdanning)
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Høgskulen går inn i ein spennande tid. Ulike fagmiljø, ulike tradisjonar og kulturar skal samlast. Det er ein stor oppgåve og høgskulen må ha fokus på dei tilsette og deira ressursar. Ein bør leggja til rette for godt samarbeid, gode og opne prosessar kor det er tydeleg for alle kven som avgjer sakane. Då vert det muleg for tilsette og kjenna seg trygg og viktig og i det vidare arbeid for å danna ein samla høgskule med ein felles organisasjonskultur.  Høgskulen bør fortsetje med å utvikla og integrera ulike digitale system slik at vi saman kan danna ein effektiv, framtidsretta og etterspurd høgskule der studentane nyttar ulike pedagogiske og digitale verktøy som gjev rom for fleksibilitet i studiane.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Ynskjer å vera med å forme den nye høgskulen til å bli ein ettertrakta og spennande høgskule som utdannar dyktige og kompetente kandidatar som har kunnskap, evner og generell kompetanse som kan vidareutviklast i long tid framover.

Hege Emma Rimmereide (48) (fagleg)
StillingFørstelektor i engelsk ved Avdeling for lærerutdanning
Fagleg bakgrunn: Hovedfag i engelsk litteratur. Grunnfag i sosialantropologi, nordisk og sammenlignende politikk.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Dersom jeg blir valgt til styret, vil jeg arbeide for at Høgskolen på Vestlandet (HVL) fortsetter å være en sentral aktør innenfor kjerneområdene for HVL, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Faglig tyngde og innovasjonskraft - For meg er det viktig at vi får til gode prosesser for faglig samarbeid sammen på de fem campusene for å videreutvikle sterke fagmiljøer. Forskning og undervisning må gå hånd i hånd for å sikre faglig kvalitet. I fusjonsprosessen, og i arbeidet frem mot universitetsstatus, vil det også være viktig at medarbeidere blir verdsatt og hørt for å sikre kompetanseheving og medbestemmelse, og at undervisning blir meritterende.
Bærekraftig utvikling - Ved Høgskolen på Vestlandet mener jeg det er viktig å være i front med fortsatt arbeid for bærekraftig utvikling i vid forstand, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og at klimautfordringer og det grønne skiftet blir synlig i forskning og formidling.
Ny teknologi - I arbeidet med fusjonen av Høgskolen på Vestlandet trenger vi å ta videre grep for utvikling av ny teknologi, nye arbeidsmåter og nye uttrykksformer både i (kunstnerisk) utviklingsarbeid, forskning og formidling.
Økonomi - Interimsstyret må sørge for gode økonomiske rammer for faglig arbeid og utvikling, og arbeide for universitetsstatus som gjør det mulig for HVL å ta selvstendige, faglige grep. Dette forutsetter god økonomisk styring internt. 

Tor-Helge Allern (62) (fagleg)
Stilling: professor i drama
Fagleg bakgrunn: Allmennlærer, Bodø Lærerhøgskole, 1983, Hovedfag i drama, film og teater, Universitetet i Trondheim, 1991, Doktorgrad i drama, NTNU 2003
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Høgskulen på Vestlandet vil bestå av enheter som har lange tradisjoner og regionale forpliktelser å ta hensyn til. Den nyetablerte høgskolen må gjøre fusjonsplattformens formuleringer om likeverdige parter til et reelt likeverdig samarbeid. Det er store utfordringer og muligheter med ny femårig lærerutdanning med mastergrad, med muligheter både for samarbeid og konflikt.  Det vil derfor være viktig med gode prosesser mellom fagmiljøene og mellom fagmiljøer og ledelse. Som nytilsatt vil det være mye å sette seg inn i, både om studiesteder, bredden i fagmiljøer og lokale og regionale forventninger. Jeg er opptatt samarbeid med på tvers av fag og institusjoner, og en aktiv tilnærming til arbeids- og samfunnsliv, og har gode erfaringer fra det fra Nordland. Det er av spesiell betydning at høgere utdanning kan framstå som nyskapende både innen forskning og undervisning. Da er det også nødvendig med interaktive og mer deltakende undervisningsformer.
Høgskolen bør prioritere bærekraftige studier i den betydning UNESCO legger til grunn, og ikke vurdert etter økonomisk lønnsomhet og effektivitet som fremste kriterier. Den nye høgskolen bør bli tydelig i forhold til bærekraftig utdanning både med tanke på aktuelle tema (klimaendring, fattigdomsbekjempelse, bærekraftig forbruk, osv.), men like viktig er det at bærekraftig utdanning betyr en deltakende undervisning og læring som kan gi grunnlag for å endre atferd, ta ansvar, fungere sosialt og handle aktivt for en bærekraftig framtid. Dette vil også ha betydning for forskning og utviklingsarbeid. En prioritering av forskning eller kompetanseheving på bekostning av undervisning er heller ikke bærekraftig. Deltakende undervisning og forskning er derfor av strategisk betydning for den nye høgskolen, både med tanke på å funger globalt og for Vestlandet som region.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Jeg har erfaring fra to perioder i styret for Høgskolen i Nesna, og i den siste perioden fram til 01.01.16 var fusjonsprosessen med Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag en viktig del av styrearbeidet. Jeg vil gjerne bidra med mine erfaringer derfra for å gjøre den nye høgskolen til en institusjon med reelle likeverdige partnere, der ulike ståsteder og perspektiv verdsettes og brukes for å skape et godt sted å arbeide, studere og samarbeide med. 

 

Dette er dei fire siste kandidatane til HVL-styret: 

Tom Skauge, førsteamanuensis (fagleg)

Tone Nybakken, høgskolelektor (fagleg)

Gunhild Austrheim, universitetsbibliotekar (teknisk-administrativ)

Torun Synnøve Skøld, førstebibliotekar (teknisk-administrativ)

 

 

Interimstyret ved HVL

Eit interimstyre skal ta ei rekke avgjerder for den ny Høgskulen på Vestlandet, for deretter å bli eit ordinært styre for institusjonen frå 1. januar 2017. Styret skal mellom anna tilsetje rektor, vedta budsjett og profil, 

Styret vil totalt telje 13 representantar. Samansetjinga ser slik ut:

  • 4 tilsette i undervisings-/forskingsstillingar (UF)
  • 1 tilsett i teknisk/administrativ stilling  (TAP) (pluss to observatører med talerett)
  • 3 studentar
  • 5 eksterne (inklusive ekstern styreleiar)

Kunnskapsdepartementet peikar ut dei 5 eksterne representantane, mens studentrepresentantane blir valde for eitt år om gangen i eigne val. 

 

Powered by Labrador CMS