Trass i sterke ønsker frå studentane vil ikkje leseplassar på HiB si avdeling på Kronstad blir haldne opne på søndagar.

Blir berre avgrensa søndagsope på Høgskolen i Bergen

Publisert

Forslaget om å halda søndagsope ved alle HiB sine lesesalar blei torsdag nedstemt i høgskulstyret. Dei gjekk inn for å berre halda 250 leseplassar i Fabrikkgaten opne.

– Eg opplever eigentleg saka blir utsett igjen. Ein utsett opning av Kronstad og Møllendalsveien, og flytter saka frå dagens styre og inn i det nye, utan å legga nokon konkrete planar for korleis ein kan jobba med saka vidare, seier leiar i Studentparlamentet ved HiB, Fredrik Bødtker. 

Les også: Heltidsstudenten har ikke fri på søndager

Lesesalane ved Høgskulen i Bergen har vore stengde på søndagar sidan samlokaliseringa på Kronstad i 2014. Studenparlamentet har lenge kjempa for å få lesesalane tilgjengelege for studentane også på søndagar. 

Saka har vorte utsett i styret i fleire omgangar, og på torsdagens styremøtet ved HiB la administrasjonen fram forslag om ny utsetting. Dei ønska at saka skulle takast opp når ein går inn i Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Synest det er trist

Høgskuledirektøren la i møtet fram eit nytt forslag om å halda ope 250 plassar i Fabrikkgaten, og for deretter å sjå på saka på nytt når ein går inn i HVL.

Studentrepresentant i styret, Sondre Riisøen, hadde lagt fram forslag om at alle bygg skulle vera søndagsopne, med unntak av spesialrom, frå våren 2017.

Me seks mot fire stemmer gjekk styret inn for å berre halde opne 250 plasser i Fabrikkgaten på søndagar, medan Kronstad og Møllendalsveien framleis blir haldne stengde. 

– Eg synest sjølvsagt det er trist. Eg hadde håpa at styret hadde gått for forslaget mitt. Samstundes må ein høyra på administrasjonen, og viss dei seier det kan bli problematisk så må ein stola på det, seier Riisøen.

Campus har vore søndagsopen i eksamensperioden, og ein har tatt stikkprøvar for å sjå kor mange som nyttar tilbodet. Tala viser at mellom 70 og 250 studentar har nytta seg av dei opne lesesalane på søndagar.

Styremedlem og førsteamanuensis ved HiB, Ragnar Gjengedal, meiner tilbodet ein gjev er godt nok ut i frå dagens behov.

– 250 er det største talet på studentar som er observert på søndagar, og for min del var det då eit stort poeng. No vil det finnast eit tilbod til studentane og sannsynlegvis er dette nok kapasitet for ei stund, seier Gjengedal.

– Feil talgrunnlag

Bødtker meiner det blir feil å legga desse tala til grunn. 

– Me har 8000 studentar på fulltid. Det er 250 plassar i Fabrikkgaten. Dei tala dei legg til grunn er lagt på tilfeldige tidspunkt på dagen. Dei seier ingenting om kor mange som har nytta tilbodet totalt. Når dette opnar for fullt og blir kjent så trur eg at det vil ta seg veldig opp.

Overslag viser at det vil kosta rundt 3 millionar koner å halda ope Kronstad og bygga i Møllendalsveien på søndagar. 

– Det var problematisk. Det er ganske mykje pengar. Viss ein klarer det med ei billegare løysing, med tilstrekkelig kapasitet og kvalitet for å studera, så er det den beste løysinga, seier Gjengedal. 

Bygget på Kronstad er krevjande å halda ope, fortel han.

– Bygget er laga slik at det er umogleg å dela inn i soner. Ein må ha enormt store areal opne, og ein må ha vakter og mykje sikkerheit. Det er mykje styr som følger med. Ein skal vareta sikkerheita til alle studentane der.

– Sjølv om det er avgrensa er det likevel 250 leseplassar opne. For meg er det utruleg viktig at dei får eit tilbod, for det er ikkje alle studentar som har ein plass dei kan lesa. No har me dekka behovet. Om me kan dokumentera at det er for lite, så må me finna meir plass, seier Gjengedal.

– Knusande argument

Bødtker meiner det er uhøyrt at HiB ikkje skal kunna ha heile campus open når andre institusjonar klarar det same. 

– Me skal få opp saka på nytt. Me veit no at frå 1. januar kjem me i ein situasjon der alle andre studiestadar i HVL har søndagsope. Det er bra at me får lesesalar på søndagar i Fabrikkgaten, det er ikkje det. Men det er noko med å ha ein open campus både i praktisk betyding, men også i det prinsipielle. Over 20 av dei største institusjonane i Noreg har søndagsope.

– Eg synest framleis at våre argument er so pass knusande, at det er svært få faglege og gode argument for å ikkje gjera dette. Det står på økonomi. Når me ser at det blir ein totalkostnad på tre millionar, med eit budsjett på 1,8 milliard i Høgskulen på Vestlandet, så håpar og trur eg at dette vil gå seg til ganske raskt, seier Bødtker. 

Styremedlem Riisøen er optimistisk med tanke på ei opning i framtida.  

– Eg oppfattar at administrasjonen også ønsker å få til søndagsope, og eg opplever at det er positive signal. Viss me gjev det litt tid og riktig saksgong, så håpar eg at ein vil enda opp med søndagsope om ikkje så lenge, seier Riisøen.

Leiar av Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen, Fredrik Bødtker.
Powered by Labrador CMS