Nettavisa Khrono ønskjer å bli nasjonal avis for heile universitets- og høgskulesektoren. Både ansvarleg redaktør Tove Lie og rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus delar ambisjonen. I går inviterte dei til informasjonsmøte. Foto: Ola Sæther

Khrono ønskjer å bli nasjonal avis for universiteta og høgskulane

Publisert

Nettavisa Khrono har planar om å bli nasjonal meiningsberande avis for universiteta og høgskulane. Tanken er sådd av HiOA-rektor Curt Rice og Khrono-redaktør Tove Lie.  Då planane blei presenterte for sektoren i dag, fekk dei positive tilbakemeldingar.

– Khrono skal bli ei nasjonal, meiningsberande avis for universitets- og høgskulesektoren. Me skal vera eit slags Vårt Land eller eit Dagens Næringsliv for sektoren. Det er visjonen til ansvarleg redaktør Tove Lie, som no håpar å få med seg så mange høgskular og universitet som mogleg til å bli medeigarar i eit nytt nasjonalt Khrono. Avisa skal utvikla seg vidare frå å vera ei høgskuleavis for Høgskolen i Oslo og Akershus til å bli ei nasjonal avis for heile høgskule- og universitetssektoren. 

 – Ja, det kan vera at me vil prøva å dekkja Norden også. Det sa Tove Lie på eit informasjonsmøte om dei ambisiøse framtidsplanane til Khrono.

Skal gjera akademia meir synleg

Det var for rundt ein månad sidan Høgskolen i Oslo og Akershus  inviterte alle andre høgskular, universitet og forskingsinstitutt i Noreg til å bli medeigarar i den riksdekkjande avisa Khrono. Ambisjonen er å lyfta akademia høgare opp i samfunnsdebatten, gjera rollene til høgskulane og universiteta meir synlege, og samtidig vera ein debatt om, i og med sektoren, går det fram av prospektet for planane om den nye nasjonale Khrono.  

Målet er også at Khrono skal vera staden der dei som sit med makta og andre interesserte må gå for å halda seg oppdaterte på nyhende, aktualitet, og debatt i og om høgare utdanning, står det i prospektet. Avisa kan anten bli organisert som ei foreining eller som eit aksjeselskap. 

10 institusjonar var representerte

For kort tid sidan bad dei alle om å koma på eit informasjonsmøte for å få vita meir om planane. Då møtet begynte på Høgskolen i Oslo og Akershus i Pilestredet i dag,  kom det representantar frå ti forskjellige universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Både NTNU, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø, NMBU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda var til stades med eigne folk på møtet. Det var også forskingsinstituttet NIFU, og sjølvsagt også Khrono-utgjevaren Høgskolen i Oslo og Akershus. Av universiteta var det berre Universitetet i Agder og Nord universitet som ikkje var på plass.

Kort oppsummert har Khrono-redaktøren og HiOA-rektor Curt Rice ambisjonar om at  Khrono skal dekka alle dei viktigaste nasjonale nyhenda som skjer i sektoren, samtidig som avisa også skal dekkja det viktigaste som skjer på dei universiteta og høgskulane som går inn som medeigararar i  Khrono.  

– Men det er ikkje meininga at Høgskolen i Oslo og Akershus skal finansiera nye, lokale aviser på dei institusjonane som ikkje har det frå før. Me ser heller for oss at de kan vera på å finansiera eit lokalkontor eller ein stringer for Khrono på den staden der institusjonen ligg, opplyste Curt Rice og Tove Lie.  

– Me vil hengja oss på

Khrono-redaktøren ville helst starta opp med prosjektet så fort som mogleg. Det ville også kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes ved Universitetet i Tromsø:

– Me er klare til å hengja oss på så fort som mogleg. Og det er viktig at avisa når langt vidare enn berre ut  til sektoren. Vårt Land når ikkje lenger ut enn til Kristen-Noreg, påpeika han.  

Ville ha ei utgreiing

Men både kommunikasjonssjef Christian Fossen ved NTNU og rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet, mante til litt meir tolmod.

– Det er nok naudsynt å greia ut dette litt grundigare slik at det kan forankrast betre i styret vårt, meinte Berit Rokne. Og Christian Fossen var einig.

– Khrono er ei interessant og god avis. Men eg ser også behovet for å greia ut desse planane grundigare for at dei kan bli betre forankra. Dessutan ville det ha vore fint om me kunne fått to alternative modellar på bordet, som me så kunne ta stilling til, meinte han.

– Både NTNU og andre universitet som har eigne aviser, har behov for å ha dei som debattarena for saker som studentar og tilsette er opptekne av. Khrono vil aldri klara å erstatta desse avisene som lokale debattarenaer. Det er viktig at det også er andre stemmer i sektoren, understreka han.  

Viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen, Oddrun Samdal var i utgangspunktet positiv til tanken om å gjera Khrono til ei nasjonal avis for sektoren. 

– Det er behov for å utgreia dette nærmare, og då må me gå inn i ein vidare diskusjon, meinte ho. 

Fanny Duckert, som er styreleiar for Uniforum og Apollon ved Universitetet i Oslo, tykte det var viktigare å diskutera andre ting enn organisasjonsform først.

– Er det behov for ei slik nasjonal avis? Me må sjå om den når målgruppa og om ei eiga sektoravis vil ta ressursar frå andre område, sa Duckert. 

Støtte frå styre og redaksjon

Rektor Curt Rice har ikkje berre med seg Khrono-styret og Khrono-redaktør Tove Lie som støttespelarar for dette initiativet. Også resten av redaksjonen til Khrono stiller seg positive til dette, så lenge rettane og tilsetjingane deira blir tatt godt nok vare på, står det i prospektet for den nasjonale avisa Khrono.

– Godt nøgd

Rektor Curt Rice konkluderte med at det ville vera mogleg å få meir konkrete planar på bordet på slutten av året.  Etter møtet trefte Uniforum ein smilande Curt Rice.

– Eg er godt nøgd med møtet.  Det var positivt. 

– Vil det vera mogleg for Høgskolen i Oslo og Akershus å eiga mindre enn 50 prosent av Khrono?

– Ja, absolutt, men me skal likevel ha ein svært stor eigarpost, understreka han. 

I 2016 hadde Khrono eit samla budsjett på 3,7 millionar kroner. I år er summen auka til 4,45 millionar kroner. 

– Det viser at me satsar stort på utviklinga av Khrono, etter at me for to år sidan endra mandatet frå at det skulle vera ei høgskuleavis til å bli ei avis med nasjonalt ansvar. Om det skal bli eit nasjonalt organ, er det viktig at andre i sektoren er tettare på enn i dag, sa rektor Curt Rice til representantane for ti universitet og høgskular som var på informasjonsmøtet i går.

Powered by Labrador CMS