Historia om vitskapen

Publisert

Lepra og mobbing, meteorologi og oppseding av barn. Alt dette er ein del av UiB si vitskapshistorie.

– Historia om leprabasillen er ei salig røre av vitskap og politikk – og svært interessant, seier professor Astri Andresen engasjert.

– Det same gjeld psykologiseringa av oppsedinga av barn, som ein ser særleg frå etterkrigstida. Her ser ein at vitskapen endrar seg – og så ser ein at det òg handlar om politikk.

Åtte disiplinar
Prosjektet vitskapshistorie, som har ei styringsgruppe leia av Andresen, er inne i siste fase. I 2008 vedtok universitetsstyret dette prosjektet. Fleire av dei andre universiteta hadde gjort eit løft med vitskapshistoire, mellom anna Universitetet i Oslo som i samband med institusjonen sitt 200-årsjublieum fekk skrive historia si. Den vart til slutt i ni band.

Ved UiB sakna ein eit vitskapshistorisk miljø mellom anna for betre å kunne debattera historiske og aktuelle spørsmål om forholdet mellom vitskap, universitet og samfunn.

– UiB si historie vart gitt ut i samband med 50-årsjubileet. Det er eit flott verk, men seier ikkje nok om det vitskaplege arbeidet, seier Andresen.

Medisin og naturvitskap er disiplinane som har lengst bergenshistorie. Men snart fem år etter at prosjektet starta, er meir kome til: Ved sidan av leprahistorie og oseanografi vert det jobba med rettspsykiatri og fiskeri, oppseding av barn, kjønnshistorie, mobbeforsking og meteorologi. Dei fleste av delprosjekta er doktorgradsarbeid. Eit stipend var øyremerka og eit var eit spleiselag mellom Det humanistiske fakultet og Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet. Dei andre stipendiatstillingane er finansierte på ulike vis.

Biografi om Christie
– I tillegg vert det skrive ein biografi om Wilhelm Frimann Koren Christie. Han, som oppretta dåverande Bergen museum i 1825, har ingen biografi. Det er merkeleg. Men no får han det, i samband med grunnlovsjubileet i 2014, seier Andresen.

I tillegg får overlege Danielsen no sin eigen biografi. Den er det Karen Helle, professor emerita ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, som skriv.

Daniel Cornelius Danielsen var viktig for lepraforskinga, og var òg styreleiar ved dåverande Bergen museum.

– Vitskapen endrar seg
– Det er fint at me har eit så flott universitet, humrar Andresen på spørsmål om korleis det er å jobba såpass tverrfagleg.

– Ein har fagfolk på alle fakulteta som har god innsikt i kva som har vore viktig, og ein kan snakka med menneske som er ekspertar kvar på sine felt.

Andresen seier at prosjektet rett og slett handlar om å setja ting i samanheng.

– Kva er vitskap og kva er han ein del av? Og kva har han betydd? Det er heller ikkje slik at vitskapen er absolutt – og han endrar seg, seier professoren.

Ein del av tinginga frå universitetsstyret var å sjå på vitskapshistoria i Bergen i ein internasjonal samanheng.

– Det er spanande. Ein veit mellom anna at Christie hadde mange kontaktar utanlands, og diskusjonen om leprabasillen var i høgste grad internasjonal, seier Andresen.

Arrangerer konferanse
Vitskapshistorie vart lenge ikkje lagt mykje vekt på ved norske universitet. Men dei siste åra har det vekse fram miljø fleire stader.

– Ein har fine miljø ved både universitetet i Oslo og ved NTNU. Ved Universitetet i Tromsø har dei gjort mykje godt arbeid med den arktiske vitskapshistoria, mellom anna Nansen og dei store ekspedisjonane, seier Andresen.

Dei siste åra har forskarar med vitskapshistorie som felt samla seg til konferanse. I år er det UiB som er arrangør, og konferansen går av stabelen 24. og 25. januar.

Konferansen er norsk, men det er òg invitert internasjonale – i hovudsak nordiske – innleiarar.

– Det er mest skandinaviskrelaterte problemstillingar som kjem til å verta drøfta, seier Andresen.

Lyser ut stilling
Vitskapshistorie-prosjektet ved UiB kjem ikkje til å enda med ni band. I alle fall ikkje endå.

– Doktoravhandlingane er som sagt byrja å koma, og fleire av dei som jobbar med dette har publisert artiklar undervegs. Eg tenkjer at ein på litt sikt kan vurdera om noko av forskinga skal samlast, seier Andresen.

Sjølv om dette prosjektet er inne i siste fase, var det ein tanke at vitskapshistorie kunne få ein permanent plass ved UiB.

– Eit steg i den retningen er at det no vert lyst ut ei stilling – i utgangspunktet som førsteamanuensis. Det finst mange spanande kandidatar – både nasjonalt og internasjonalt, seier Andresen.

Historia om vitskapen

Dette er prosjekta:

Straffens vitenskap

Vitskapen som rettesnor i fiskeriforvaltninga, 1950-1990

Oseanografi

Kunnskap om barneoppdragelse i Norge, 1945-1975

Globaliseringen av lepra: Produksjon og sirkulasjon av medisinsk kunnskap om spedalskhet, 1873-1933

I skjæringspunktet mellom fag og politikk. Utviklingen av kjønnshistorie i Skandinavia fra 1970-tallet og frem til i dag

Mobbeforsking

Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) og Bergen Museum

Meteorologihistorie

Numerisk meteorologi

 

Powered by Labrador CMS