Historiske flyfoto i ny bergensbok

Publisert

Luftfoto frå Universitetsbibliotekets Billedsamling frå perioden 1935 til 1970 er grunnlaget for ei ny bok med tittelen ”Over Bergen over tid”.

I denne boka er dei gamle fotografia samanstilt med nye foto tatt i 2003 slik at ein kan sjå skilnadane før og no. Gjennom 176 flyfoto blir det skildra korleis Bergen har forandra seg. Vi ser korleis viker og våger er fylt ut, trange gater og vegar er utvida og nye anlagt. ”Over Bergen over tid” startar i Bergen sentrum og fortset ut over i dei gamle nabokommunane Fana, Laksevåg og Åsane.

Bak boka står Lotte Scønfelder, Normann Kirkeeide, begge kjende frå Bergens Tidende og Hans Ree. Hans Ree som driv forlaget Dialogen fekk ideen til boka då han såg alle luftfotoa i Universitetet i Bergen si billedsamling. Der fins det 4700 fotografi frå 1930-talet til 1970.

Bileta som er tekne av fotografar i Widerøe Flyveselskap A/S. Dei vart kjøpt av Bergen Kommune, Bergen Bank og Universitetsbiblioteket i 1977. Dette vart gjort for å sikre at bileta vart tekne vare på for framtida. Av dei nesten 5000 fotografia har Ree valt ut bilete av høg kvalitet som seier noko om utviklinga i området.

Universitetsbibliotekets Billedsamling har stilt ut 24 av dei gamle fotografia som er med i boka i sine vindauge i det gamle BT-bygget, no Stein Rokkans Hus.

Powered by Labrador CMS