Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Danskane tok skjønnlitteraturen. Då vart dei tjukke, historiske verka frå Ludvig Holberg att til Jørgen Sejersted.
– Eg reknar vel ikkje med at dette vert folkelesnad, humrar Jørgen Sejersted. Sejersted, som er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag, leiar det Forskingsråd-støtta prosjektet «Holbergs ideologier». Det går hand i hand med eit anna prosjekt, nemleg «Holbers skrifter». Det er eit samarbeidsprosjekt med Danmark, og går ut på å legga ut ei vitskapleg tekstutgåve av Holberg sine skrifter. Vil gjera tilgjengeleg – I prosjektet Holbergs skrifter handlar det om å legga ut Holberg sine skrifter på Internett. Det er eit småplukkarbeid med mykje korrekturlesing og tekstkritiske merknader. Mange av desse tekstane har vore vanskeleg tilgjengelege og er lite forska på, seier Sejersted. Til prosjektet er det knytta tre stipendiatstillingar; frå HF, juss og SV. Det forskarane som jobbar med Holberg sine ideologiar kjem fram til, skal etter planen òg brukast til å kommentera skriftene. I tillegg er planen å gi ut både artiklar og antologiar. Den første er allereie komen. Tittelen er «Holbergs naturrett», og Sejersted er redaktør saman med Eiliv Vinje. Vinje er hovudredaktør for den norske delen av Holbergs skrifter. – Fantastisk portal – Danskane forskar på skjønnlitteraturen, Holberg sine komedier er eigentleg større i Danmark enn her hos oss. Men dei historiske bøkene hans er gode som inngang til opplysningstida, seier Sejersted. Han seier at Holberg ikkje var veldig original. – Men han saug til seg tankar og idear, og slik er bøkene ein fantastisk portal til korleis opplysningstida i Skandinavia vart til. Det er ein viktig idehistorisk periode, og det var snakk om globale verdiar som toleranse og ytringsfridom, seier Sejersted. Jørgen Sejersted har for tida tidlege utgåver av fleire av Ludvig Holberg sine verk på kontoret. I tillegg har han ein heilt fersk Holberg-antologi – redigert av han sjølv og Eiliv Vinje. Foto: Hilde Kristin Strand Ville vera kontroversiell – Han var omtykt i samtida, og var ein kjend figur i København. Men han var òg omstridd. Og han likte å framstilla seg sjølv som kontroversiell. Det var in å vera det, seier Sejersted. På nokre punkt var Holberg tidleg ute, mellom anna når det kjem til likestilling mellom kjønna. – Opplysningstida er tida som ein i Vest-Europa likar å sjå på som eit høgdepunkt. Holberg døydde eigentleg like før sjølve opplysningstida, men viser tankar og tendensar. Mykje av dette er forska lite på, seier Sejersted.
I dag skal Ludvig Holberg sin 328-årsdag markerast under Holbergdagane. I dag, samt i morgon, vert seminaret «Holberg og historien» arrangert. Dette er i hovudsak eit seminar for forskarar.
Ludvig Holberg er mest kjent for komediene sine, som Jeppe på Bjerget, Erasmus Montanus og Den Stundesløse. Men han skreiv mykje sakprosa, og såg sjølv på desse som dei viktigaste verka sine. Han skreiv mellom anna «Introduction til Natur og Folke-Rettens Kundskab», «Dannemarks og Norges Beskrivelse» og « Almindelig Kirke-Historie». Dette er store, tjukke bøker. I tillegg skreiv han essay, mellom anna «Moralske Tanker» og «Epistler».
Om Holberg var norsk eller dansk, er omstridd. Han levde store deler av livet sitt i København, men var fødd i Bergen. Omstridd er òg mannen sjølv.