Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fakultetsstyret valde å ta eit steg attende og vedtok å sjå på bachelorgraden ved Det humanistiske fakultet endå ein gong.
– Slik eg ser det har me tre alternativ: Dekanatet kan ta nederlaget. Då vil arbeidet som har vorte gjort vera forgjeves. Alternativ to er å vedta eit alternativ som har vore oppe til debatt tidlegare, og alternativ tre er å ta eit steg attende og få ein breiare forankra prosess. Det sa dekan Gjert Kristoffersen då fakultetsstyret skulle handsama saka om bachelorgraden i dag – for tredje gong. I januarmøtet vart saka trekt frå kartet fordi studiestyret kom med ein merknad om at dei ikkje vart høyrt. Studiestyret handsama saka om bachelorgraden på eit møte 8. februar. Dekanen sitt forslag til vedtak fall – med to mot seks røyster. – Dekanatet har òg hatt eit møte med instituttleiarane. Der vart det etterlyst eit kompromiss, utan at det vart klart for meg kva dette kompromisset skulle gå ut på, sa Kristoffersen. Handlar om to ting – Me har tenkt same tankar, sa studentrepresentant Tor Sivertsen Prestegard, før han leverte eit detaljert forslag som i hovudtrekk likna dekanen sitt. – Initiativet i saka har vore godt, men det har vorte ein litt uheldig prosess, og det er usikkert kva me eigentleg har diskutert. Saka har handla om to ting: Skal ein gjera noko med førstesemesterstudiet, slik at ein kan få inn fagspesifikke emne der? Og korleis kan ein løysa problemet som oppstår når mange studentar er ferdige med spesialiseringa si om våren, men mange fag ikkje har oppstart før i januar? Medlemmene i fakultetsstyret var ikkje heilt samde i korleis vedtaket burde vera. – Eg kan ikkje utan vidare gå god for at det er eit viktig premiss at ein skal kunne ta spesialiseringa samanhengande, sa Gisle Selnes. Jan Heiret tok til orde for at ein berre burde seia noko om innføring av fag i første semester – eller i førstesemester. Dette meiner han er to ulike ting, nemleg det første semesteret og førstesemesterstudiet. – Det er vanskeleg å endra bachelorgraden på eitt punkt utan at det får konsekvensar. Det er litt naivt å tru at me kan ta for oss berre første semester, svarte visedekan Jan Oldervoll. Sette ned arbeidsgruppe – Eg er redd for at ei hastebehandling ikkje vil vera det beste for graden. Eg meiner at me kan gjera forarbeidet for det neste styret, sa Sivertsen Prestegard. Dekanen tok til orde for at mest mogleg av arbeidet bør vera gjort innanfor dette styret si funksjonstid. Men han sa òg at han er usikker på om det er rett å gjera eit vedtak heilt på tampen, og så dumpa saka til neste styre. Vedtaket vart at «Fakultetsstyret ber studiestyret om å nedsette en arbeidsgruppe for å arbeide videre med spørsmål knyttet til hvordan Examen Facultatum skal dimensjoneres og organiseres ved fakultetet. Ett viktig perspektiv i arbeidet skal være behovet for en innføring i fagene i første semester/førstesemesteret. Mulighetene for å legge bedre til rette for studenter som ønsker å ta 60 studiepoeng i ett fag i tillegg til spesialiseringen, skal også vurderes. Studentene skal være representert i utvalget». – Det viktige er at studentane kjem ut med ein grad som er så god som mogleg. I dag er det for mange tilfeldig kva tilleggsfag dei tek, sa Oldervoll.
Dekanen sitt forslag var å setja ned ei arbeidsgruppe som skulle jobba med både examen facultatum spesielt, men òg jobba med korleis ein kan legga best mogleg til rette for dei studentane som vil ta spesialiseringsfaget samanhengande.
Fakultetsstyret har jobba med saka lenge. No er det sitjande styret inne i dei siste månadane av styreperioden. Er det då rett å byrja på eit arbeid som kan legga føringar for neste styre og dekanat?
Det var ulike meiningar om kva som bør endrast i bachelorgraden. Her er det prodekan Lillian Helle som diskuterer med Gisle Selnes frå LLE og Jan Heiret frå AHKR. Begge foto: Hilde Kristin Strand