Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ulike nasjonale regelverk kan skape problem for EU-draumen om fri flyt av varer og tenester over landegrensene. No får Kommisjonen hjelp frå UiB til å lage felles prinsipp for kontraktretten.
– I Europa gjeld det ulike reglar for kontraktar frå land til land, og når folk handlar over landegrensene, kan det oppstå problem. Kva for eit land sin rett skal vere gjeldande? Juridiske NoE er sjeldan i 6. rammeprogram. Gruppa ved UiB kom med i nettverket gjennom deltaking i eit prosjekt om leige av lausøyre, finansiert av Noregs Forskingsråd. Gruppa er med på å føre vidare eit arbeid utført av den såkalla Lando-kommisjonen, som laga eit utgangspunkt for prinsipp innanfor europeisk kontraktrett. UiB-forskarane skal halde fram med å arbeide med europeiske prinsipp for avtalar om leige av lausøyre. Andre grupper tek seg av andre emne. Kontraktar som er inngått på tvers av landegrenser, blir berre meir og meir vanleg. EU er dessutan fundert på tanken om dynamisk handel mellom land. Då seier det seg sjølv at mange ulike reglar kan by på problem.
Spørsmålet blir stilt av professor Kåre Lilleholt ved Juridisk fakultet. Han leier arbeidsgruppa i Bergen som no er med i det EU-finansierte Network of Excellence (NoE) ”Joint Network on European Private Law”. I løpet av 2007 skal nettverket kome opp med eit framlegg til felles prinsipp for kontraktretten, som EU-kommisjonen så skal bruke som utgangspunkt for det endelege dokumentet som skal vere klart i 2009.
– Ein er ikkje nødvendigvis ute etter å lage eit felles regelverk. Men ein vil prøve å etablere ei felles referanseramme, ein samlande terminologi og ein lik måte å tenke på, fortel Lilleholt.
Bygger vidare på folkeskikken
– Lando-kommisjonen tok opp dei allmenne delane av kontraktsretten, slikt som krava til lojal framferd, kva som skal til for at ei avtale skal vere inngått, kva er rekna som eit tilbod, korleis reknar ein ut tidsfristar? Dette skal vi utvikle og bygge vidare på. Ei slik referanseramme kan brukast når EU skal regulere kontraktrett, og når statane skal endre eige lovverk som ikkje blir omfatta av EU-retten. Det kan også brukast av folk som skal inngå kontraktar over landegrenser, men ikkje vil binde seg til lovene i det eine eller andre landet.
Usikre leigeavtaler
– I Noreg har vi ikkje lovgjeving om dette. Når du leiger brunevarer hjå Thorn, eller ein bil eller noko anna, er det berre usikre, ulovfesta reglar som kan fylle ut ein ufullstendig avtale. Mange andre land har eit meir utvikla regelverk på dette området. Dersom noko blir øydelagd, kven skal syte for reparasjonen – leigetakar eller utleigar? Kva skjer dersom tingen ikkje blir levert tilbake til rett tid?
Usemje om felles regelverk
– Samstundes er dette kontroversielle spørsmål. Somme meiner Europa bør få eit felles regelverk, medan andre meiner at rettsreglane i stor grad heng saman med kultur og levereglar, og at det ikkje bør vere noko mål å samordne dette. Det er heller ikkje målet for kommisjonen førebels. Men ei sams referanseramme kan like fullt vere nyttig.
Lilleholt vonar at deltaking i nettverket kan vere med på å bygge opp eit miljø i komparativ rett ved UiB, spesielt ettersom europeisk integrasjon er framheva som eit ønskeleg nytt satsingsfelt ved universitetet.
– Dette forskingsprosjektet krev ein variant av komparativ rett, som vi ikkje har så sterke tradisjonar for her i landet. Vi ser etter mønster og analyserer skilnader mellom rettssystem. Frå EU-kommisjonen si side er det også viktig å bygge opp eit sterkt forskarnettverk på dette området.