Hjerneskanning og juss

– Vi vil sjå at forsvarsadvokatar ber om skanning av hjernene til dei tiltalte i framtida, trur professor II ved Det juridiske fakultetet, Raymond Corrado. Då fakultetet arrangerte workshop i strafferett var det òg rom for alternative tilnærmingar til jussen.

Linda Grøning og og Annika Suominen hadde gjestar frå heile Norden då Det juridiske fakultetet arrangerte workshop i strafferett. Foto: Dag Hellesund

Dei nordiske landa arrangerer kvart år workshop i strafferett med fokus på stipendiatar, og i år var Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen vertskap for arrangementet.

– Eit av måla er at stipendiatane skal få eit kontaktnett, og fokuset er på dei, både fagleg og sosialt, forklarer postdoktor Annika Suominen, som har leia arrangementskomiteen for workshopen.

Interdisiplinær framtid
Arrangørane har vore opptekne av å dra inn andre fagtradisjonar enn dei strengt juridiske.
–Målet har vore å dra inn ulike subdisiplinar i rettsvitskapen, slik som kriminologi, rettspsykiatri og rettsøkonomi, og det er forankra i ambisjonane til strafferettsmiljøet  i Bergen. Den rettslege konteksten blir meir og meir kompleks. Det blir vanskeleg å forstå strafferetten utan å dra inn andre perspektiv, slik som empirisk forsking om kriminalitetens orsaker og kontekst. Vi har fokus retta mot ein meir interdisiplinær rettsvitskap, forklarer førsteamanuensis Linda Grøning, som leiar forskargruppa i strafferett og straffeprosessrett.

Impulsive tenåringar
Den kanadiske kriminologen Raymond Corrado trakk til dømes linjene til medisin og hjerneforsking for å sjå på grensene for når vi er tilreknelege. Ei tradisjonell tilnærming for å definere når vi er tilreknelege og kan dømmast til straff er å sjå på når individet forstår kva som er rett og gale.
Men forskinga viser at utviklinga av hjernen varierer med alderen, og utifrå tanken om at individa må ha kontroll over handlingane sine er det ikkje like lett å setje ei klar grense.
– Graden av impulsivitet varierer med alderen, og toppar seg i 2-3-årsalderen og 15-16-årsalderen. Og det er ikkje drap som tek livet av tenåringar, men risikoåtferd og sjølvmord, forklarer han.

Etniske skilnader
Vidare er det mange komplekse variablar som påvirkar riskikoen for at ungdommar hamnar i kriminalitet. Sosioøkonomisk bakgrunn er ein av desse, men det er ikkje pengar som tel mest:
– Det er stor skilnad på folk, men åtferda er meir knytt til utdanning enn inntekt, fortel Corrado.
Etnisk bakgrunn er ein annan faktor ein må sjå på i strafferettssystemet i mange land. I Canada er til dømes urinnbyggarane sterkt overrepresenterte i fengsla.
– 80-90 prosent av dei ungdomskriminelle i præriestatane er urinnbyggarar. Tilsvarande ser vi at opp til 80 prosent av fengsla ungdom i somme land i Aust-Europa er roma, seier kriminologen.

Eigen rett for ungdommar
– Forskinga vår tyder på at ein treng eit eige strafferettssystem for tenåringar. Eit av problema er at det kan gå fleire år før det kjem dom i ei sak. Korleis vurderer du då den psykiske tilstanden deira då brotsverket skjedde?
Han peikar på andre diagnosar, som lærevanskar, autisme og ADHD, som òg bør takast omsyn til når det gjeld risikofaktorar for ungdommars kriminalitet. Vidare forsking kan og bringe inn tema som genetikk, nevrovitskap og fosterliv i strafferetten.
– Vi har berre byrja med å skrape i overflaten av kva rolle biologien kan spele, meiner Corrado, som er professor ved Simon Fraser University i Vancouver i Canada.

Fengselsvitjing
Blant mange andre tema som blei presenterte av stipendiatane var æresrelaterte brotsverk, krigsbrotsverk og tidleg prøvelauslating. Aktuelle tema i dei ulike nordiske landa og dei viktigaste dommane vart og diskuterte på workshopen.  Blant desse var både Breivik-saka og porno i norske fengsel.
– Vi diskuterte og om fangar har lov til å sjå porno i norske fengsel, fortel Suominen.
Ein del av programmet var dessutan lagt til det gamle Bergen kretsfengsel, og det siste, nye var representert ved omvisning i Gulating lagmannsrett.

Lav straff og få i fengsel
– Seminaret samlar forskarar frå heile Norden. Finst det ein eigen, nordisk strafferettstradisjon?
– Det finst mange, ulike løysingar i detaljane. Men i det store og det heile er det såpass stor likskap at det gir meining å framheve eit nordisk felleskap. Relativt sett lave straffenivå, fokus på humanitet og liten fengselspopulasjon er noko som kjenneteiknar strafferetten i Norden, fortel Linda Grøning.


Powered by Labrador CMS