Hjerneveke på Haukeland

Kvart år får Noreg 15.000 nye slagpasientar. No planlegg Haukeland Universitetssjukehus å ta i bruk ein ny behandlingsmetode som går ut på å ”fiske” ut blodproppen og redda hjernevev.

– Metoden vil revolusjonera behandlingstilbodet til slagpasientane. Vi håper å ta i bruk metoden i løpet av 2006, seier overlege Lars Thomassen ved Nevrologisk avdeling.

Kvart år får Noreg 15.000 nye slagpasientar. No planlegg Haukeland Universitetssjukehus å ta i bruk ein ny behandlingsmetode som går ut på å ”fiske” ut blodproppen og redda hjernevev.

– Metoden vil revolusjonera behandlingstilbodet til slagpasientane. Vi håper å ta i bruk metoden i løpet av 2006, seier overlege Lars Thomassen ved Nevrologisk avdeling.

Fisking av blodproppar er berre eit av fleire tema som vert kasta lys over under Hjerneveka 2006. Nevrologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus inviterer no til publikumsmøte om mellom anna hjerneslag, moderne behandling av Parkinsons sjukdom og blodfri hjernekirurgi.

Overlege Lars Thomassen skal også snakke om hjernebløding, som er den mest dødelege og invalidiserande forma for hjerneslag. Eit nytt medikament, som er med på å stanse den pågåande hjerneblødinga, har vist seg å redusera talet på døde og forbetra funksjonsevna på lang sikt. Norske sjukehus er no med på eit større oppfølgingsstudie, for å klargjere kor stor effekten av medikamentet er.

– Medikamentet er svært lovande og pasientar med hjernebløding kan sjå fram til betre behandlingstilbod enn i dag, seier Thomassen.

Helse Bergen har landsfunksjon på stråleknivsbehandling, ei behandling som fokuserer på sjukdomsendringar i hjernen, hovudsakeleg svulstar. Denne behandlingsforma vil overlege Per Øyvind Enger halda foredrag om. Stråleknivsbehandling gir ein effektiv  avskjerming mot omliggjande hjernevev og muleggjer bruk av høge stråledosar.

– Denne behandlinga har fått aukande gjennomslag ettersom resultata er blitt dokumentert. Aktiviteten har blitt trappa opp dei siste åra, slik at vi no behandlar 200-300 pasientar kvart år, seier overlege Enger. 

Publikumsmøte ved Haukeland Universitetssjukehus tysdag 14. og onsdag 15. mars, kl 18.30-20.00, Store auditorium, 3. etg., Sentralblokken.

Tysdag 14/3
kl: 18.30. Moderne behandling av Parkinsons sjukdom, professor Ole-Bjørn Tysnes, overlege Ruby Mahesparan.
kl: 19.15: Blodfri hjernekirurgi, overlege Per Øyvind Enger.

Onsdag: 15/3
kl: 18.30. Hjerneslag – dei første minutta tel!, overlege Lars Thomassen.
kl: 19.15: Kva er prognosen ved hjerneslag?, overlege Halvor Næss.  

Powered by Labrador CMS