Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kjemisk institutt gjekk sigrande ut av kampen om HMS-prisen ved mat.-nat. Men konkurransen var knallhard.
– Alle institutt hadde innspel til prisen, og til sist sto det mellom tre institutt: Geovitskap, molekylærbiologi og kjemi, seier HMS-koordinator Tove Lise Størksen ved fakultetssekretariatet. – Vi er sjølvsagt svært glade for å få prisen, og vi tykkjer vi har arbeidd bra med HMS-rutinene våre, seier instituttstyrar Øyvind M. Andersen, som mottok prisen i ein tildelingsseremoni torsdag 28. april.
– Men Kjemisk institutt har arbeidd med fleire gode tiltak, og det var summen som gjorde at dei til slutt fekk prisen.
Kjemisk institutt har utarbeidd ei tryggleikshandbok som fungerer som internkontroll for alt HMS-arbeidet ved instituttet. Her finst prosedyrar i samband med kjemikaliehandtering, instrument og eksperiment, og tilvising til lovar og forskrifter. Instituttet er dessutan det første som har oppretta eit eige HMS-utval. Det skjedde våren 2004. I tillegg arrangerer instituttet eit obligatorisk HMS-kurs for studentar, som inneheld informasjon om tryggleik på laboratoriet, men også generell informasjon som branntryggleik og førstehjelp. Sidan mange studentar på innføringskursa i kjemi, seinare tek spesialisering på andre institutt, er kurset med på å spreie gode HMS-rutiner på fakultetet.
Har vore kreative
– Vi har jobba med dette i årevis, og har spesielt teke fatt i dette med handsaming av kjemikalie. Her har vi etablert rutinar som også er til nytte for folk utanfor instituttet.
Andersen framhevar spesielt overingeniør Ann Margot Whyatt, som har lagt ned ein stor innsats både internt på instituttet, og utanfor. Ho fekk raskt overta blomane som vart overrekte på torsdagens prisutdeling. Prisen er på 50.000 kroner.
HMS-prisen ved Mat.-nat. spring ut frå Samarbeidsavtale for eit betre arbeidsmiljø (Samba), som er eit prosjekt mellom fakultetet og Bedriftshelsetenesta. Meininga er at prisen skal delast ut kvart år. Same institutt kan ikkje vinne to år på rad.
– Institutta har gjort meir enn dei var nøydde til, og har vore kreative i HMS-arbeidet. Vi kjem til å legge innspela til alle institutta ut på nett, slik at ein kan hente idear frå kvarandre. Eitt av poenga med prisen, er at det skal vere lett å overføre HMS-tiltak til andre einingar, seier Tove Lise Størksen, som er svært nøgd med innsatsen.