Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Vi som arbeider her er heldige, fordi vi tilhøyrer eit miljø som er sterkt på teoretisk forsking, samstundes som forskinga vår har mange praktiske bruksområde, seier direktør for Selmersenteret, professor Tor Helleseth. Denne veka har senteret vore vertskap for Norsk Kryptoseminar 2003.
Det løner seg å vere kryptograf om dagen. Næringslivet viser interesse for det ein driv med. Studentane strøymer til. Og på styremøtet til det nasjonale forskingsprogrammet «IKT sikkerhet og sårbarhet» tidleg i oktober, fordelte Forskingsrådet dei første 14,8 millionar kronene til programmet. Av dei gjekk 4,8 millionar til miljøet ved Selmersenteret. Selmersenteret driv først og fremst med forsking innanfor kryptografi og kodeteori. 10. og 11. november hadde folk som er interesserte i kryptologi her i landet, sjansen til å møtest på Norsk Kryptoseminar, som er eit årleg arrangement. Seminaret er ope, men deltakarane må halde ein kort presentasjon om eit valfritt emne frå kryptologien. Når dei nye stillingane er på plass, vonar direktøren av senteret vil ha kapasitet til eit nærare samarbeid med næringslivet. Mellom anna er det aktuelt å arrangere kurs for næringslivet for å fortelje om kva som skjer på forskingsfronten og oppdatere dei på nye løysingar.
Helleseth trur etableringa av Selmersenteret har mykje å seie for at aktiviteten no er blitt meir synleg.
– Senteret er til hjelp i marknadsføring, og sjølvsagt hjelper det også med god omtale frå Forskingsrådet. Vi har merka større pågang etter at senteret blei oppretta, seier han.
Hindre innsyn, fjerne feil
– Enkelt sagt tek kryptografien sikte på å halde informasjon hemmeleg, altså hindre innsyn. Kodeteori siktar mot å hindre feil som kan oppstå på vegen. Sei at du til dømes skal sende informasjon til eit romfartøy langt vekke frå jorda. Då vil sjølve avstanden gjere informasjonen din så utsett for støy at det er uråd at alt kjem fram slik det var då du sende det. Kodeteori gjev oss verktøy for å eliminere slike feil, gjerne ved å sende litt meir informasjon. Om du skulle sende ein null, kunne du til dømes sende han 100 gonger. Viss mottakarane på romfartøyet får 100 teikn, og 90 av dei er null, kan dei vere rimeleg sikre på at det er null som er rett. I praksis gjer vi det ikkje slik, sjølvsagt, men det illustrerer problemet, forklarer Helleseth.
Trådlaus teknologi er eit anna felt som no får mykje merksemd ved Selmersenteret. Fleire hovudfagsstudentar arbeider med slike problemstillingar.
– Trådlause nettverk er ei gullgruve for studentane våre. Dei er befengte med tryggleiksproblem og gjev eit oppkomme av nye problemstillingar. Dels skuldast det at teknologien er fersk, og dels at dei som har utvikla han, ikkje har hatt god nok kunnskap til å forutsjå problema. Trådlaus teknologi vil berre blir meir og meir utbreidd, så dette er eit stort felt for oss, seier Helleseth.
Kryptoseminar for alle
Sjølv meiner Helleseth at seminaret er like mykje kos som fag.
– Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø her, og dette er eit høve til å treffe gamle kjende. Forsking har sosiale aspekt som ofte blir undervurderte. Ein diskuterer med vener. Den einsame forskaren som jobbar åleine på kammerset og kjem fram for å publisere i ny og ne, han finn du ikkje her!
I løpet av våren skal senteret tilsette ein ny professor, og fleire doktorgradsstudentar og post.doc.-stillingar skal også på plass. Senteret veks, og Helleseth vedgår at han ikkje lenger veit akkurat kva alle held på med.
– Eg har ikkje lenger full oversikt, og det kjennest heilt greitt. Det er eit godt teikn at ein føler seg litt dum på nokre område.
Vil vere næringslivsressurs
– Vi ønskjer jo at industrien skal byggje sine løysingar på oppdatert forsking. Viss nye prinsipp kan løyse problema industrien slit med, ønskjer vi at informasjonen skal kome ut så fort som råd. Tidlegare har kontakten gjerne gått éin veg: Industrien har kontakta oss og bede oss gjere ein bestemt jobb. No vonar vi å få så mykje overskot at vi kan arrangere kurs og diskutere ulike reelle problemstillingar. Vi kan vere ein stor ressurs for næringslivet, og det er på dette området vi vil få den sterkaste utviklinga i aktiviteten ved senteret, spår Helleseth.
Selmersenteret var eitt av forskingsmiljøa ved UiB som søkte om status som Senter for framifrå forsking ved den første tildelinga, men nådde ikkje opp i første omgang. Helleseth er klar for å søkje på nytt i neste runde.
– No kan vi mellom anna slå i bordet med ein veldig god statistikk på gjennomføring av doktorgrader. Dei doktorgradsstudentane som sit hos oss, får ein veldig god oversikt over forskingsfronten, og dei gjennomfører graden på normert tid. I gjennomsnitt har dei faktisk tid til overs!