Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
No skal elevane frå vidaregåande skule velje seg ei framtid. Åpen dag hjelpte dei på veg.
Det er første gong utdanningsinstitusjonane i Bergen går saman om å arrangere Åpen dag.
– Planen er å bli sjukepleiar, seier Vanessa Jarlind frå Laksevåg videregåande skole. Ho har vore på foredrag om sjukepleieutdanninga på Høgskulen på Vestlandet (HVL), og deretter skaffa seg innblikk i Psykologi og pedagogikk ved Universitetet i Bergen (UiB). Det viser seg å vere ein fruktbar kombinasjon.
– Eg har oppdaga at ei sjukepleiarutdanning kan føre til mange fleire typar arbeid enn det eg visste. Ein kan jobbe både på sjukehus og sjukeheim, men også i skulen. Eg vil gjerne jobbe med barn, seier Jarlind.
Ho fekk også med seg den etter kvart så kjente Snapchat-helsesøstera Helsesista sitt foredrag.
– Ho fortalte at ho ikkje ante at det var dette ho skulle drive med då ho tok utdanninga si, seier Jarlind.
Gjennom ei rad arrangement på Åpen dag fekk elevane innblikk i kva som skjuler seg bak dei faglege merklappane, frå Maskin- og marinfag til Filosofi og retorikk. Meir enn 80 postar stod på programmet. I tillegg til HVL og UiB, stod NHH, NLA Høgskolen og VID vitenskapelige høgskole bak arrangementet.