Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Leiinga ved Høgskolen i Bergen (HiB) ville byrje å strøyme video frå styremøtet, men eit fleirtal i styret gjekk imot.
– Vi var fleire som blei overraska, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen ved HiB.
Høgskuledirektøren hadde i samråd med rektor lagt fram ei sak om å byrje med strøyming av styremøta.
Dette har blitt populært det siste året, ikkje minst på Vestlandet, der tilsette og studentar ofte er spreidde på fleire campusar. På Høyden var først ute med strøyming, og har sidan hausten 2014 sendt styremøta til Universitetet i Bergen direkte.
Rektor i mindretal
– Det var fleire som tok ordet og uttrykte uro for styrearbeidet om ein opna styremøta på denne måten. Dei var urolege for at folk ville føle seg hemma i handsaminga av sakene. Det var hovudessensen i det som blei uttrykt, seier Søgnen til På Høyden.
Sjølv røysta han for å strøyme møta, men blei del av mindretalet.
– Eg var litt overraska over utviklinga, men respekterer sjølvsagt vedtaket til styret. Mine viktigaste argument for å strøyme møta er at vi skal vere ein open institusjon, og trenden er at fleire og fleire styre gjer dette, seier Søgnen.
– Styremøta er uansett opne, og alt som vert uttrykt i møta må tole dagslys, legg han til.
Felles styreseminar
Neste styremøte på HiB blir 4. februar, når institusjonen skal vedta om dei vil gå i fusjonstingingar med Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. 3. februar, dagen før dei parallelle styremøta, blir det eit felles styreseminar i Bergen for dei tre styra, samt representantar frå Kunnskapsdepartementet. Styreseminaret blir ikkje strøyma, men På Høyden er invitert til å delta, og vil rapportere frå arrangementet.
Det ligg an til at både HiB og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) innstiller på fusjonsforhandlingar i innstillingane til styra deira.
Fungerte for HSH
Mens bergenserane altså takka nei til å kringkaste styremøta, har både høgskulane i Volda, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund byrja med støyming, slik at møta blir meir tilgjengelege for studentar, tilsette og andre.
– Vi merker ikkje noko til at strøyminga har avgrensa diskusjonane på nokon måte, og vi har ikkje fått negative tilbakemeldingar på det frå styret, fortel HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt.
På same måte som i Bergen blei det stilt spørsmål til om styret ville føle seg hemma av strøyming.
– Det var akkurat den same diskusjonen hos oss i forkant, seier Grimstvedt.
Styret har altså ikkje blitt nemneverdig hemma av filminga, men HSH har fått gode tilbakemeldingar frå dei som ser på.
– Dei tilsette synest at det er positivt at dei kan gå inn og sjå på møta.
Og dersom HSH, HiB og eventuelt HiSF slår seg saman til ein stor profesjonshøgskule, kan strøyming tvinge seg fram som ein viktig del av kvardagen.
– På HSH er det ikkje alltid vi sit framfor kvarandre reint fysisk. Ein må kunne bruke den typen verktøy, og tenkje litt andre løysingar, seier Grimstvedt, som brukar mykje Lync og Skype for å halde kontakten med medarbeidarane.
– Vi treng ikkje å reise for alle møta våre.
Læring på fleire campusar
HSH har òg ei teknologisk tilnærming til utdanning, og eit eige mastergradsprogram for IKT i læring. Slike erfaringar kan bli nyttige i ein eventuell ny, desentralisert høgskule.
– Det aller meste av undervisninga vår i ingeniørfag blir strøyma, og vi bruker mykje e-læring som verktøy for å auke læringsutbytet.
Digital undervisning gjer det til dømes enklare for deltidsstudentar som jobbar turnus å følgje undervisningsopplegget.
– På sikt trur eg at undervisning blir lagt om på fleire måtar, og som gjer at vi blir litt mindre geografisk avhengige, seier Grimstvedt.
Kanskje vil det òg bli muleg å dele på fagleg tilsette som har doktorgrad eller tilsvarande, såkalla førstekompetanse.
– Men det er veldig viktig å ha kompetansen også lokalt, særleg på lærarutdanninga. Vi treng breidde på lærarutdanningane på Vestlandet, for i veldig stor grad blir studentane lærarar lokalt.