Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Mannen som døydde måndag kveld var student ved Høgskulen i Bergen.
Seint tysdag kveld fekk politiet melding om at ein mann i 20-åra hadde falle frå ein bygning i Dragefjellsbakken på Sydneshaugen.
Ifølge BA.no skal han ha døydd momentant som følgje av fallet frå øvste etasje.
Mannen som omkom var deltakar på ein eksamensfest i bygget. Fleire av vitna som var til stades på festen vil bli avhøyrd av politiet tysdag.
Ifølge politioverbetjent Rigmor Isehaug ved vold- og sedelighetsseksjonen i Hordaland politidistrikt har politiet vore i kontakt med institusjonen der mannen var student.
Nils-Ottar Antonsen, instituttleder for Institutt for maskin- og marinfag ved Høgskolen i Bergen, stadfestar overfor BT.no at det var ein student ved Høgskulen som mista livet.
Mannen skal ikkje vere heimehøyrande i Bergen. Dei pårørande er varsla.