Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tastefeilen ved HiSF har vore behandla av Klagenemda. Dei 164 studentane som fekk feilaktig beskjed om studieplass ved Bachelor i sosialt arbeid, får ikkje studieplass.
Den 30. juli gjekk det ut tilbod om studieplass til 164 søkjarar som stod på venteliste til Bachelor i sosialt arbeid ved HiSF.
Ifølge Anne-Grethe Naustdal, konstituert rektor ved HiSF, skal feilen ha skjedd då nokon ved høgskulen den 29. juli ved ein tastefeil merka av for at studiet skulle leggast ut på «Ledige studieplassar» på Samordna opptak. Denne avmerkinga vart umiddelbart korrigert. Når eit studium blir lagt ut på “Ledige studieplasser,” blir ventelistene tømde ved neste suppleringsopptak, som i dette tilfellet var dagen etter, 30. juli.
Samordna opptak melder at HiSF ikkje var gjort kjend med prosedyrene ved slike tastefeil, og at høgskulen heller ikkje fekk noko varsel som gjorde at dei kunne ha oppdaga konsekvensen av tastefeilen.
Klagenemda har behandla saka
Klagenemnda ved HiSF har fredag 5. august handsama mottatte klager på tilbaketrekking av tilbod om studieplass. Klagenemnda gjorde følgjande vedtak: «Klagene vert ikkje tekne til følgje».
I ei pressemelding skriv konstituert rektor Anne-Grethe Naustdal at “Høgskulen seier seg svært lei for dei ulempene feilen har medført”.
Slik grunngjev Klagenemda sitt vedtak:
“Klagenemnda trekkjer fram at det er på det reine at det ikkje er gjort noko vedtak om tildeling av studieplass til klagarane gjennom organet som har kompetanse til å gjera vedtak, opptakskontoret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Brev om tildeling er sende ut av Samordna opptak etter ein systemfeil i eit elektronisk system, då ein tilsett ved høgskulen gjorde eit feil tastetrykk. Sjølv om meldinga med tilbod om studieplass kan ha sett ekte ut for klagarane, legg klagenemnda prinsipalt til grunn at det ikkje er gjort vedtak om tildeling av studieplass, når det ikkje er gjort vedtak ved rett organ. Meldinga med tilbod om studieplass må rettsleg reknast som ein nullitet, som ikkje gjev nokon rett til studieplass. Slik sett må underrettinga frå høgskulen om tilbaketrekking av tilbod, reknast som ei konstatering av at det ikkje er gjort vedtak med tilbod om studieplass.”