Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ei spørjeundersøkinga ved Høgskulen i Volda viser fleirtal for vald rektor blant tilsette og studentar. På komande styremøtet innstiller leiinga på å halda fram med dagens styringsmodell.
Medan fleire høgskular og universitet dei siste åra har bestemt seg for å gå frå valt til tilsett rektor, ønsker eit fleirtal ved Høgskulen i Volda å halda fram med styringsstrukturen dei har i dag.
På onsdag skal saka opp i høgskulestyremøtet, og høgskuledirektøren har innstilt på å halda fram med vald rektor.
Høgskulen i Volda har hatt ei spørjeundersøking blant tilsette og studentar, og oppslutnaden for valt rektor er klart størst blant faglege og vitskaplege tilsette. Her seier 73 prosent at dei ønsker å halda fram med styringsstrukturen slik den er i dag. Samla er fleirtalet på 65 prosent for å halda fram med vald rektor.
Les også: HiVolda pluss UiB er lik sant
<<Høgskuledirektøren går inn for at HVO skal halde fram med gjeldande ordning som er vald rektor. Det er ikkje støtte i litteraturen for at skifte av modell gjer HVO betre i stand til å møte utfordringane i framtida. Det er difor meir erfaringsbaserte og pragmatiske omsyn enn prinsipielle som ligg til grunn for ein slik konklusjon>>, skriv Høgskuledirektør Jacob Kjøde i saksframlegget.
Studenttinget i Volda stemte over saka i oktober i fjor, og fleirtalet ønska ein overgang til tilsett rektor. Men i spørjeundersøkinga er det eit knapt fleirtalt på 53 prosent for vald rektor blant studentane som har delteke.
Saka har også vore ute på høyring, og det er ingen av høyringsinstansane som uttalar at dei ønsker tilsett rektor, bortsett frå Studenttinget. Hjå éin av høyringsinstansane er synet delt, og éin tar ikkje stilling til modellen. Fleirtalet seier at dei ønsker å halda fram med vald rektor.
Eit av argumenta som går att i høyringssvara er kostnadane ved ei strukturendring, og at det kan vera klokt å venta med ei eventuell omorganisering til strukturspørsmålet er avgjort.
<<For det første viser både høyringsfråsegnene og spørjeundersøkinga at dei fleste meiner at dagens ordning fungerer godt og har solid legitimitet. For det andre har vi ein uavklara situasjon når det gjeld strukturspørsmålet […] Eit mogeleg utfall er at vi blir fusjonert om 3-4 år. I det perspektivet er det ikkje rett å nytte mykje ressursar på omlegging av styringsordning med påfølgjande omorganisering av den sentrale administrasjonen>>, skriv Kjøde i saksframlegget.
1. juni i fjor blei universitets- og høgskulelova endra, slik at det er tilsett rektor som er normalmodellen.
Per i dag er det berre Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, UiT Norges arktiske universitet og Høgskulen i Molde som framleis har ordninga med vald rektor.