1. januar er den nye Høgskulen på Vestlandet et faktum. I likheit med til dømes UiB skal studentane få sitt eige ombod.

36 søkarar vil bli studentombod ved HVL

På lista finn du både juristar og røynde studentpolitikarar. Sjå søkarlista her.

Fleire av søkarane til stillinga som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er kjende namn frå Vestlandets utdanningsinstitusjonar.

Ifølge stillingsutlysinga bør søkarar til stillinga har utdanning på masternivå, juridisk kompetanse, og erfaring frå arbeid med studentrettar. Det er også ønskjeleg med erfaring frå universitets-og høgskulesektoren, står det i utlysingsteksten.

I alt hadde 36 søkarar meldt seg då søknadsfristen gjekk ut 4. desember. Ein mannleg søkar er unntatt offentlegheit.

Studentombodet skal vere uavhengig, og har som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen. Studentombodet skal også sørge for at studentane sine retta vert ivaretekne.

Den som blir tilsett, kan sjølv velje ein av studiestadene som hovudkontor, men må rekne med å reise mellom dei tre nærregionane Bergen, Stord/Haugesund og Førde/Sogndal.

Stillinga vert løna som rådgjevar, noko som ifølge stillingsteksten betyr ei årleg løn på 500 000 - 600 000 kroner per år.

Tidlegaree UiB-studentpolitikar søker
Sindre Dueland er ein av søkarane til den utlyste stillinga som studentombod ved HVL. Han har tidligere vært nestleder ved Studentparlamentet ved Høgskulen i Bergen, og har vært medlem av Studentparlamentet UiB og Velferdstinget i Bergen. Han har vore student ved UiB og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dueland tok tidlegare i haust til orde for at ei samanslåing mellom Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SiSOF) og Studentskipnaden i Bergen SiB kunne slå positivt ut for studentane.

Sigbjørn Råsberg er utdannet jurist fra Universitetet i Bergen. Han har bakgrunn frå stillinga som studentombod ved NHH.

Også søkarar frå Stord/Haugesund har meldt seg. Stian Golden er i dag trainee for Studentsamskipnaden Stord/Haugesund, og busett i Haugesund.  

Her er heile søkarlista:

1 Ailin Terese Salbu (38), rådgjevar, Bergen

2 Silje Eide (25) jurist, Bergen og omland Havnevesen, Bergen

3 Crescentia Innocent (37), arbeidssøker, Rogaland

4 Stian Eriksen (27), pleiemedhjelper, Bergen

5 Tony Semaan (38), arbeidssøker, Bergen

6 Margit Rimeslaatten (37), jurist, Bergen  

7 Sophie Jansen Alvestad (28) advokatfullmektig, Bergen

8 Benedicte Follestad (29) engasjement, Bergen

9 Marius Hilton (35), rådgjevar, Bergen

10 Linn Merete Hovland (26), personskade Tryg Forsikring, Bergen

11 Eva Maria Nilsen (28), arbeidssøker, Bergen

12 Heidi Røstøen (33) arbeidssøker, Bergen

13 Birthe Berven Dahle (40) førstekonsulent (studiekonsulent), Bergen

14 Stine Schjelderup Ruud (23), student, Bergen  

15 Nadia Lerøy Brahimi (28), student, Bergen

16 Rune Tjøsvoll, seniorrådgiver i Mattilsynet, Bergen

17 Håvard Holten (42), arbeidssøker, Bergen

18 Tatyana Gorskaya (30), HMSK rådgjevar, Bergen

19 Sigbjørn Råsberg (28) jurist/innkjøpar/studentombod, Bergen

20 Sindre Dueland (32) arbeidssøker og student, Bergen

21 Joachim Lindbo Hansen (29), fengselsbetjent, Bergen

22 Randi Brommeland Nyland (47) student/arbeidssøkende, Fjell

23 Lene Harling Nilsen 24 Student Hordaland Kvinne

24 Erling Kristoffer Ravnanger (28), student, Askøy

25 Anders Parmann (27), kursvert ved HiBk, Bergen

26 Therese Rist (26), journalist, Nesna

27 Ida Sofie Evensen (32) rådgiver i Bergen kommune, Bergen

28 Gry Holme (41), seniorkonsulent, Bergen

29 Søker er unntatt offentlighet, Mann

30 Pia Therese Bjurstrøm (32) nyutdannet/arbeidssøkende, Bergen

31 Maren Bjotveit (27), arbeidssøkar, Bergen

32 Natalya Dolgikh (36) styremedlem, Bergen

33 Stian Golden (26) trainee for Studentsamskipnaden Stord/Haugesund, Haugesund

34 Heidi Remme (47) spesialpedagog med videreutdannelse, Haugesund

35 Pål Strand (38) rådgjevar/forvaltningsrevisor, Askøy

36 Steffen Rame Wulfsberg (27), veilder, Bergen  

Powered by Labrador CMS