Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Styret til Høgskulen på Vestlandet (HVL) avgjorde torsdag å gje tre søkarar tilbod om leiarstillingar ved den nye høgskulen.
– Vi har vore eit interimstyre. No er vi eit ordentlig styre, med alt det betyr av ansvar og mynde, sa Kari Kjenndalen.
Ho er fungerande styreleiar fram til Arvid Hallén går av som administrerande direktør i Forskingsrådet.
Det første ordinære styremøtet til Høgskulen på Vestlandet behandla torsdag tre tilsettingssaker i lukka møte.
Følgande saker var unntatt offentlegheit:
04/17 Innstilling til mellombels stilling som studieprogramansvarleg (u.off. §25.1)
05/17 Innstilling til mellombelse stillingar som studieleiarar, ny lærarutd. (u.off. §25.1)
Tre tilsettingar klare
Etter at møtet opna igjen, orienterte rektor Berit Rokne om at tre søkjarar er orienterte om at dei vil få tilbod om stillingane. Rokne presiserte at ingen av dei tre har takka ja eller nei til stillinga, men at dei er orienterte om at dei vil få eit tilbod.
Jan Olav Fretland har fått tilbod om mellombels stilling som studieprogramansvarleg.
Jan Helge Kallestad har fått tilbod om mellombels stilling som studieleiar for den nye lærarutdanninga, for trinn 5-10.
Britt Teodorsen har fått tilbod om mellombels stilling som studieleiar for den nye lærarutdanninga for trinn 1-7.
Her er saklistene som styret skal behandle på møtet i Førde torsdag:
01/17 Innkalling
02/17 Årshjul for styresaker i 2017
03/17 Hovudreglar for økonomiforvalting
04/17 Innstilling til mellombels stilling som studieprogramansvarleg (u.off. §25.1)
05/17 Innstilling til mellombelse stillingar som studieleiarar, ny lærarutd. (u.off. §25.1)
06/17 Modellar for fagleg organisering
På Høyden følger styremøtet.