SV-bygget heng eit banner som markerer 200-årsjubileet for Høgsterett. Jubileet vert mellom anna markert med eit stort symposium i Egget, måndag. Der skal frå venstre stipendiat Morten Nadim, jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde, stipendiat Jon Kåre Skiple, stipendiat Henrik Litlere Bentsen, jussprofessor Ragna Aarli og professor i samanliknande politikk Gunnar Grendstad alle delta. Foto: Hilde Kristin Strand

200 år med Høgsterett

Publisert

Måndag kjem fleire høgsterettsdommarar enn nokon gong tidlegare til å vera samla i Bergen. Under høgsterettsssymposiet skal dei vera med på å diskutera si eiga rolle.

– Domstolane avgjer spørsmål for individet. Korleis verkar lovene for den enkelte? Av og til får lovene ein annan effekt enn det Stortinget hadde føresett. Det klarar Høgsterett nokre gonger å gjera noko med – andre gonger kan dei ikkje det.

Det seier Ragna Aarli.

Jussprofessoren leiar komiteen som står bak Høgsterettssymposiet måndag. Her skal høgsterettsdommarar, andre juristar, forskarar og politikarar møtast til debatt. Aarli håpar at dei over 200 påmelde òg ønskjer å ta del i debatten. Arrangementet er ein del av 200-årsfesten. 30. juni 1815 vart Høgsterett opna. Jubileet vert markert gjennom heile året. No i april opnar fleire utstillingar, mellom anna er det hengt opp eit banner på kvart av dei seks fakulteta som passar til verksemda til det enkelte fakultetet.

Var introvert
10 høgsterettsdommarar skal delta under arrangementet i Egget, måndag.

– Så mange har neppe vore samla i Bergen før, seier Aarli.

Medan Høgsterett tidlegare var eit svært introvert organ, har det skjedd noko dei siste åra. I 2006 vart det danna ei eiga mediegruppe, og domstolsadministrasjonen tok til orde for at Høgsterett skulle ha ei meir ope rolle.

– Det skjedde noko då ein opna for at jussprofessorar kunne verta høgsterettsdommarar på 1990-talet. Dei var vane med både å uttala seg og publisera, seier Gunnar Grendstad.

– Politikk
Grendstad er professor i samanliknande politikk, og òg med i komiteen. Samstundes er det ikkje tilfeldig at ein jurist og ein samfunnsvitar sit saman der.

– Når Høgsterett endrar seg, må òg forskinga endra seg, seier jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde.

Han leiar komiteen bak høgsterettsjubileet, og har òg skrive tredje band i Høgsteretts historie. Boka kjem ut i byrjinga av juni.

– Me juristar har brukt dommane frå Høgsterett i forskinga vår. Men det er interessant å ha med samfunnsvitarane. Dei kan trekkja lenger linjer over tid, seier Sunde.

For der Høgsterett i 1815 handsama saker som til dømes handla om hestekjøp og om lausarbeidarar, er sakskomplekset i dag meir komplisert. I tillegg til tradisjonell norsk rett kjem normsett frå menneskerettsdomstolen (EMK) og EU, til dømes gjennom EØS-avtalen.

– I 1965 var det 18 000 saker oppe i det norske rettsvesenet. I fjor var talet 84 000, seier Sunde.

Men talet på saker som kjem opp for Høgsterett, aukar ikkje på same måten. Ifølgje jussprofessoren skuldast dette dels at talet på dommarar i Høgsterett ikkje har auka, dels at sakene er meir komplekse enn før.

– Det får to konsekvensar: Høgsterett må plukka ut dei sakene som får størst konsekvensar, og dei sakene må dei handsama grundig. Og avgjerdslene er så generelle at det er politikk. Ikkje partipolitikk, men like fullt politikk, seier Sunde.

Kan få ein rett
Kan ein demonstrasjonsbil som har kjørt 197 kilometer seljast som ein ny bil? Og kan ein krevja nye støvlettar dersom hælen fell av? Dette er saker som har vore oppe i Høgsterett. I den siste saka var det dissens knytt til om ein måtte godta reparasjon.

– Den dommen kan ein lesa på fire måtar: Konkret, som bilete på eit juridisk prinsipp, ut frå eit miljøomsyn, og politisk, seier Sunde.

Ein annan dom, som er mykje brukt i undervisning, er dommen der Høgsterett ga ein tannlege rett til å sjå sin eigen sjukejournal etter at han hadde vorte frådømt retten til å vera tannlege.

– Den dommen er brukt av oss samfunnsvitarar òg, seier Grendstad.

Samansetjinga av dommarar i Høgsterett speglar samfunnet slik det var for 25 år sidan. Som tommelfingerregel plar ein seia at det tek 25 år frå ein er ferdig utdanna jurist til ein får plass i Høgsterett. I dag er 2/3 av dommarane menn, og det er ingen innvandrarar blant dommarane.

– Fordi ein speglar det samfunnet ein hadde, kan ein seia at det er eit konservativt element i Høgsterett.  Me ser på kva haldningar og bakgrunn kan ha og seia for utfallet i ulike saker, seier Grendstad, og legg smilande til:

– Me ser om me finn eit mønster, og det er gyldig til me kan forkasta det.

Dommarane i Høgsterett skal koma frå ulike stader i landet og dei skal vera ulike når det kjem til bakgrunn og karriere. Men korleis dei faktisk vert rekrutterte, veit ein ikkje så mykje om.

– Ein søkjer desse stillingane som ein kva som helst annan jobb. Men korleis vert dommarane så valt ut? Skjer det gjennom uformelle diskusjonar, eller handlar det om kven sin «tur» det er no, spør Grendstad.

Under symposiet skal han snakka om nettopp dommaråtferd og haldingar.

Meir usemje og typiske roller?
Jon Kåre Skiple er stipendiat ved Institutt for samanliknande politikk, og forskar òg mellom anna på dommarar si åtferd.

– Eg ser på om internasjonaliseringa, mellom anna gjennom EMK og EØS, har gitt Høgsterett ei endra rolle i samfunnet, og på om ein ser nokre konfliktlinjer mellom moderne og tradisjonelle dommarar. Nokre har eit klårt syn på internasjonal rett, andre er meir lovgivartru. Kanskje kan ein sjå to typiske dommarroller, seier Skiple.

Skiple er ein del av forskargruppa for domstolsforsking. Det same er Morten Nadim, som er stipendiat ved Det juridiske fakultetet, og Henrik Litlere Bentsen, som er stipendiat i samanliknande politikk. Nadim ser på den aukande bruken av internasjonale rettskjelder.

– Det kan sjå ut som om Høgsterett i fleire saker enn før tek den vesle mannen sitt parti. Dette kan ha noko med menneskerettsdomsstolen å gjera, men det kan òg skuldast at ein har rettskjelder frå land med meir individfokus enn me har hatt i Noreg. Ei anna forklaring er at velstandsauken gjer at ein kan ta seg råd til å ha individuelle rettar, seier han.

Fleire rettskjelder kan òg gi meir usemje, seier Bentsen. Han studerer bruken av dissens i Høgsterett. Den har auka.

– Det kan skuldast at saksmengda til Høgsterett har gått ned, slik at ein kan gå grundigare inn i dei sakene ein handsamar. Samstundes gjer eit større rettskjeldebilete at sakene vert meir heterogene – og då får ein òg meir usemje, seier Bentsen.

 

 

Powered by Labrador CMS