Holberg ut til folket

Publisert

Universitetsbiblioteket har ei omfattande Holberg-samling som spenner over alt frå førsteutgåver til småskrift og illustrasjonar. I høve Holberg-jubileet er nye smakebitar frå samlinga no publisert på nett.

– Ja, vi har mykje interessant materiale. Vi har dei aller fleste førsteutgåvene, og nokre av dei er verkeleg sjeldne, som førsteutgåva av ”Comoedier”, der vi eig eitt av tre eksemplar, seier førstebibliotekar Jan Olav Gatland.

Han kan også fortelje at biblioteket mellom anna eig ei originalutgåve av Niels Klim, utgjeven anonymt på latin. Boka har vore eigd av både W.F.K.Christie, grunnleggjaren av Bergen Museum, og Christian Michelsen, og er signert av båe.

Holberg-samlinga kom i stand då to boksamlarar frå Bergen, forfattar og redaktør Johan Nordahl-Olsen og bankfullmektig O.J.Larsen, gav sine respektive samlingar til Bergens Museum i 1907.

– Då vart det oppretta eit eige Holberg-rom ved museet, der ein i tillegg til bøker, også hadde møblar frå Holberg si tid, portrett, medaljongar og liknande, fortel Gatland.

Alarmerande komedie

Samlinga inneheld også eit brev frå Holberg til kongeleg krigsbokhaldar Aage Rasmussen Hagen i Trondheim. Her ber Holberg om nytt om dei eksemplara av første bind av komediane som han har sendt til Hagen. Samstundes kan han nøgd fortelje at andre bind kjem ut til våren, og at det vil inkludere komedien ”Barselstuen”, som vart oppført førre veka og ”alarmerede en hob av vore fruentimer”.

No i Holberg-året arbeider ein med å gå igjennom boksamlinga på nytt og gjere henne meir tilgjengeleg for publikum. UB har oppdatert sine Holberg-nettsider med nye godbitar frå samlinga, og fleire vil kome til etter kvart. Samlinga er også lagt inn i Bibsys. Det let seg også gjere å sjå dei fysiske bøkene, men då må ein bestille på vanleg måte, og sjå dei på lesesalen til biblioteket.

Powered by Labrador CMS