Festkledde akademikarar feira prisvinnarane

Publisert

Over 200 gjestar var samla i Håkonshallen for å gjera heider og ære på prisvinnarane i går kveld. Sjå bildene her. 

Tradisjonen tru var det dekka til festmiddag i Håkonshallen etter den høgtidelege prisutdelinga i Universitetsaulaen torsdag.

Vinnar av Holbergprisen Onora O’Neill og vinnar av Nils Klim-prisen, Katrine Vellesen Løken kom saman til festen, og blei tatt i mot av kunnskapsministeren.

Blant gjestane var også ordføraren i Bergen, Marte Mjøs Persen.

– Det er to meget verdig prisvinnarar, og ikkje minst vår <<eigen>> Katrine. Eg er stolt av det ho har oppnådd, og ikkje minst at er den yngste kvinnelege økonomiprofessoren i Noreg, sa Mjøs Persen på veg inn til festen.  

– Dette er stort

Foreldra og tanta til Nils Klim-prisvinnaren hadde tatt turen frå Sandefjord for å heidra dottera og niesa.

– Dette er stort for oss, me er veldig stolte, fortel dei tre. Far Øystein Løken i Telemarksbunad, og mor Kari Vellesen (t.h.) og tante Karin Løken kom i Løkendrakt. 

UiB-professor Christopher Henshilwood og Torbjørn Røe Isaksen heldt talane for kvelden.

Viss du har problem med å sjå bildeserien - prøv ein annan nettlesar enn Internet Explorer. 

Powered by Labrador CMS