Aina Pedersen, Beate Haugen, Helene Storenes, Helene Storsæter og Serina Hansen Land frå Dahlske videregående skole i Grimstad fekk i år prisen for eit svært solid arbeid om puggedop på eit norsk universitet. Foto: Tor Farstad

Vann Holbergpris med puggedop

Publisert

Puggedop kan vere svært utbreidde på studier som medisin og juss, viser forsking gjort av unge Holbergpris-vinnarar.

Bak forskinga står fem unge jenter frå Dahlske videregående skole i Grimstad: Aina Pedersen, Beate Haugen, Helene Storenes, Helene Storsæter og Serina Hansen Land.

Imponert jury

Dei er vinnarane av Holbergprisen i skolen i år, og prosjektet deira fekk mykje ros under utdelinga, som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og Holberprisvinnar Onora O’Neill sto for.

– Funna tyder på at puggedop er utbreidd på juss og medisin. Elevane har undersøkt praksisar som inneber å bryte lova, og juryen er imponert over korleis dei har handtert det, sa Røe Isaksen.

Stimulerer nysgjerrigheit

Det kom i år inn 34 bidrag frå 12 ulike skular frå Alta i nord til Grimstad i sør.

– Lærarane gjer her ein særs viktig jobb: Dei stimulerer forsking basert på nysgjerrigheit, sa Sigmund Grønmo, som er styreleiar for Holbergprisen.

Trond Waage frå Olsvikåsen videregående skole vann lærerprisen for 2017, og eit stipend på 20 000 kroner.

Stort spenn

Vinnarprosjektet får ein pengepremie på 25 000 kroner.

Andreplassen og ein pris på 15 000 kroner gjekk til Kanwarjot Kaur frå Elvebakken videregående skole i Oslo, for eit forskingsprosjekt om «Norge og ressursenes forbannelse».

Tredjeplassen fekk Brynjar Morka Mæhlum, som går på forskarlinja på Vestby videregående skole, og deltok med prosjektet «Blir jeg studieforberedt».

Andre prosjekt undersøkte alt frå plasseringa av kyrkjealter til bruk av bilbelte i buss. 

- Dette skal jeg ta med meg til regjeringen og finansministeren, sa Torbjørn Røe Isaksen, som synes at de unge, friske øynene til elever på videregående skole er den beste delen av Holbergprisen. Årets vinnere har forsket på puggedop. Foto: Tor Farstad

Holbergprisen

  • Holbergs internasjonale minnepris blir kvart år delt ut til forskarar som har gitt framifrå bidrag til humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss. Vinnaren skal på avgjerande måte ha påvirka internasjonal forsking på sitt felt, til dømes ved utvikling av ny teori. 
  • Prisen på 4,5 millionar kroner blei oppretta av Stortinget 1. juli 2003. Han er finansiert over statsbudsjettet, men blir administrert av Universitetet i Bergen, og delt ut i Håkonshallen i byrjinga av juni.
  • Vitskapleg tilsette ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt kan nominere kandidatar til prisen. Ein fagkomité lagar deretter ei kortliste av kandidatar, og det blir henta inn uavhengige vurderingar. Fagkomiteen innstillar til styret for Holbergprisen, som tildelar prisen. 
  • Holbergprisen i skolen blir delt ut same dag, og går til det beste forskingsprosjektet innan dei same fagområda som hovudprisen. Det blir òg delt ut ein lærarpris. 

Prisvinnarane: 

Powered by Labrador CMS