Holbergprisutdeling i Håkonshallen

Publisert

I går vart Jürgen Kocka og Jørn Jacobsen tildelt Holbergprisen og Nils Klimprisen i Håkonshallen under ein høgtideleg seremoni i Håkonshallen.

– Blant dagens historikarar er Jürgen Kocka ikkje berre blant dei aller fremste, men også ein av dei mest påverknadsrike, sa professor og styreleiar Jan Fridthjof Bernt i Ludvig Holbergs Minnefond då han introduserte årets Holbergprisvinnar.

Holbergprisen er på 4,5 millionar kroner og vart i år delt ut for åttande gong. H. K. H. Kronprins Haakon stod for overrekkinga, og det var ein takknemleg prisvinnar som spelte på sitt omfattande forskingsarbeid med kapitalismen si historie og utvikling i takketalen.

– Foranderleg kapitalisme
Kocka arbeider for tida med ei bok om kapitalismen, der dei seinare endringane i kapitalistiske strukturar står i søkelyset. Under arrangementet i Håkonshallen kom han inn på finanskrisa som rysta store delar av verda i 2008 og samanlikna denne med tidlegare finanskriser. Ein kan lære mykje både om historie og økonomiske system av dette, meinte han. Medan tidlegare finanskriser har utløyst produktiv respons, tvilar han på om den siste finanskrisa har noko liknande potensiale.

– Kvifor? Ein av grunnane er dagens svake Kapitalismuskritik, sa han og heldt fram:

– Historia viser kor foranderleg kapitalismen har vore over tid. Den har overlevd sine motstandarar fordi den er eit system som kan lære, reformerast og tilpassast ulike forhold. Men desse omstruktureringane av kapitalismen er ikkje først og fremst gjennomført av kapitalistane, men i stor grad resultatet av kritikk, sinne og press frå allmennheita og politikarar. Kapitalismen treng sine kritikarar.

Allereie i 1969 etablerte Kocka seg som ein leiande sosialhistorikar. Sidan den tid har han medverka til eit paradigmeskifte i tysk historiografi. I dag er han seniorforskar ved International Research Center re:work ved Humboldtuniversitetet i Berlin og gjesteprofessor ved University of California, Los Angeles.

Artikkelen held fram under biletet.

Jacobsen og Holbergprisvinnar Jürgen Kocka. (Foto: Scanpix/Holbergprisen)

Første Nils Klimpris til UiB
Statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland stod for overrekkinga av Nils Klimprisen 2011. Nils Klimprisen går til nordiske forskarar under 35 år som har gjort framifrå vitskapleg arbeid innan fagfelta humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Årets pris vart tildelt postdoktor Jørn Jacobsen ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

– Jørn Jacobsens doktoravhandling ”Fragment til forståing av den rettsstatlege strafferetten”, som han forsvarte i Bergen i 2008, er eit vitskapleg arbeid av høg kvalitet som i tillegg viser stort sjølvstende, og evne til å sette diskusjonen om strafferetten si grunngjeving og utforming i eit vidare rettsteoretisk og etisk perspektiv, sa Jan Fridthjof Bernt i sin introduksjon av prisvinnaren.

Jacobsen takka sine kollegaer ved Det juridiske fakultet for støtte og tolmod, og framheva at det gjorde særleg inntrykk å ta imot prisen i Håkonshallen, bygget der Noreg si første allmenne lov vart utforma.

– Ikkje minst takka vere krav om humanitet og rasjonalitet i strafferetten, sett fram av naturrettstenkarar, opplysingsfilosofar og av strafferettsvitskapen, så har vi kome langt på veg i retning av ein strafferett som ikkje berre vernar individa mot brotsverk, i den grad vi kan sikre oss mot det, men som òg vernar individa mot staten sin maktmisbruk gjennom strafferetten. Men det er eit mistak å tru at oppgåva er avslutta, sa han.

Forska på kulturkonflikter
Tidlegare på dagen vart Holbergprisen i skulen 2011 utdelt av forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland og Holbergprisvinnar Jürgen Kocka. Førsteprisen gjekk til Alisa Mujanic frå Mysen vidaregåande skule for forskingsprosjektet ”Kulturkonflikter i samfunnet”.

I grunngjevinga frå fagjuryen heiter det mellom anna at ”Prosjektrapporten har bemerkelsesverdige konklusjonar: den avkreftar for det første hypotesen om at innvandrarungdom opplever den største kulturkonflikta med foreldregenerasjonen. For det andre bekreftast hypotesen om at innvandrarungdom opplever flest kulturkonflikter med andre innvandrarar enn med nordmenn”. 

(Foto: Scanpix/Holbergprisen)

 

Powered by Labrador CMS