Kjersti Toppe i samtale med professor Tone Hellesund, som var initiativtakar til Skeivt arkiv.

Endeleg fekk Toppe sjå Skeivt arkiv

Publisert

Kjersti Toppe var ein av Skeivt arkiv sine politiske fødselshjelparar. Denne veka kunne ho endeleg sjå korleis arkivet har vorte.

Sommaren 2015 løfta Kjersti Toppe (Sp) løyvingar til Skeivt arkiv opp til ei politisk sak. Ho sat då i kulturkomiteen på Stortinget. I november same år kom meldinga om at regjeringa, med støtte frå Venstre og KrF hadde gitt ei årleg løyving på fem millionar kroner til arkivet.

Måndag var hordalandsbenken på besøk hos UiB. Endeleg fekk Toppe og dei andre politikarane sjå kva dei har vore med på å løyva pengar til.

Spesiell historie

– Det er veldig kjekt å vera her. Eg har vore invitert før, men har ikkje hatt høve, seier Toppe til På Høyden.

– Kvifor treng ein eit skeivt arkiv?

– Det er to grunnar til det. For det første er dette eit arkiv for ei gruppe som har ei spesiell historie heilt opp til nyare tid. Å vera homofil er noko mange kanskje ikkje har vore stolte av. Eg synest det er ekstra viktig å få dokumentert denne gruppa si historie, seier Toppe.

– Den andre grunnen til at eit slikt arkiv er viktig handlar om sjølve arkivfunksjonen. Interessa mi for det byrja her, med Skeivt arkiv. Arkiva i Noreg får altfor lite politisk merksemd. Dersom ikkje nokon hadde tatt initiativ til dette arkivet, hadde truleg mykje av den skeive historia gått tapt.

Toppe og Breivik viktige

Runar Jordåen, som leiar arkivet, peika på at då ideen om eit skeivt arkiv kom, var det utfordrande å få forståing for at ein burde etablera eit slikt arkiv. Tone Hellesund, som i dag er professor i kulturvitskap, var initiativtakar. I 2013 fekk Skeivt arkiv overta Kim Friele sitt private arkiv, der ho mellom anna hadde samla mykje dokumentasjon frå Forbundet av 1948.

– Av politikarane var det særleg Kjersti Toppe og Terje Breivik som var viktige i starten, sa Jordåen.

– Med Skeivt arkiv kan ein fylla det som har vore eit stort, svart hol i det felles minnet vårt. Dette arkivet viser ei stor og brei historie, og fortel noko om samfunnsutviklinga.

Skeivt arkiv er ein del av Universitetsbiblioteket sine spesialsamlingar og har seks tilsette.

Skeive historier

Hannah Gillow Kloster er seniorkonsulent og digital arkivar. For i tillegg til fysisk arkivmateriale, heile 300 hyllemeter, samlar Skeivt arkiv inn livsminne frå LHBT-gruppa (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar). Under fana «skeive historier» er personar frå denne gruppa intervjua. Fleire av dei byrjar å verta godt vaksne.

Kjersti Toppe peikar på kor viktig det er at eit arkiv som Skeivt arkiv ikkje berre arkiverer, men òg formidlar.

– Det dei har fått til her ved UiB er kjempebra, seier ho.

Hannah Gillow Kloster fortel Torill Eidsheim (H) om Skeivt arkiv. Rektor Dag Rune Olsen følgjer nøye med. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Powered by Labrador CMS