Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Totalt 39 konkurrentar kjempa i år om prisen for beste poster på Institutt for indremedisin. Sigeren gjekk til to stipendiatar frå Hormonlaboratoriet.
Tysdag 22. februar fekk førsteprisvinnarane og stipendiatane Tuyen Hoang og Ingvild Fenne høve til å legge fram arbeidet sitt på morgonundervisinga ved medisinsk avdeling i Helse Bergen. Hoang heldt det knapt halvtimeslange innlegget åleine i Fenne sitt sjukdomsfråver. Begge førsteprisvinnarane er midt i stipendperioden ved Hormonlaboratoriet, som er knytt til Seksjon for endokrinologi ved Institutt for indremedisin. I arbeidet som er grunnlaget for posteren, har dei to studert korleis peptid-hormon kan styre verknaden av intracellulære hormonreseptorar. Hormon kjem i ulike former, til dømes steroidhormon som østrogen og testosteron, og peptid- eller proteinhormon som blir produsert i hypofysen. Fenn og Hoang har funne at eit viktig protein som stimulerer effekten av steroidhormona, blir regulert av peptidhormon. Dei er dei første til å vise ei slik kopling mellom verknaden av steroidhormon og peptidhormon i celler. Reguleringa inneber ei kontrollert proteinnedbryting, og forsking på slik nedbryting låg bak utdelinga av fjorårets Nobelpris i kjemi.
– Vi ser på korleis hormona verkar på grunnleggjande komponentar i cellene. Det er svært basal forsking vi driv med, fortel Hoang.
Har funne hormonkoplingar
– Ved Hormonlaboratoriet driv vi både diagnostisering og basal forsking. Det er så mykje vi ikkje veit om prosessane i cellene. Dei fleste sjukdomar er jo knytt til ein eller annan molekylær mekanisme i cellene. Medan andre studerer til dømes ulike symptom ved sjukdom, ser vi direkte på kva som er feil i prosessane i cellene. Det kan igjen brukast til å finne protein som fungerer som markørar når ein skal diagnostisere sjukdomar, seier Hoang.
Posterkonkurransen ved Institutt for indremedisin vart i år arrangert for tredje gong. Andreprisen i konkurransen gjekk til Volker Pönitz ved Universitetssjukehuset i Stavanger, for forsking på pasientar med brystsmerter. Tredjeprisen gjekk til Trude Duelien, stipendiat ved Lungeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Ho har sett på samanhengar mellom mor si røyking under svangerskapet, og barn si utvikling av luftvegssjukdomar seinare i livet.