Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Allereie før semesteret er i full gang må interimstyret til Høgskulen på Vestlandet veljast. Men den første medlemmen er allereie vald.
Den nye høgskulen på Vestlandet får ein travel haust fram mot samanslåingsdatoen 1. januar 2017. Og aller først må styret til den nye høgskulen veljast. Det skal fungere som interimstyre fram til nyttår, for deretter å ta over som vanleg styre fram til august 2019. Valet blir dermed heilt avgjerande for den nye stor-høgskulen, som er sett saman av Høgskulen Stord/Haugesund (HSH), Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).
Fusjonsmotstandarar var tidleg ute
Men eitt medlem er allereie klart: Ingrid Moe Albrigtsen er valt inn som studentrepresentant frå studentane i Sogn og Fjordane. For sjølv om studentane i trivselsfylket var kraftig imot samanslåinga med kollegaene i Bergen og Stord/Haugesund, var dei framsynte nok til å velje deira representant allereie før fusjonen var avgjord. Albrigtsen er òg vald som studentrepresentant i HiSF-styret det siste halve året det eksisterer.
Fem utpeikt av departementet
Men det gjenstår å velje fire vitskapleg tilsette, derav to frå Høgskolen i Bergen, ein student frå Bergen og ein frå Høgskulen Stord/Haugesund. Dei teknisk-administrativt tilsette får ein representant frå HiB med røysterett i styret, mens HiSF og HSH berre får representantar med observatørstatus med talerett, men ikkje røysterett.
Og så skal Kunnskapsdepartementet utnemne fem styremedlem, inkludert styreleiaren.
Open nominasjon
Ved Høgskulen i Bergen blir valperioden 25. august til 1. september, mens det ved HiSF blir nokre dagar tidlegare, då dei ikkje har elektronisk val. Stord/Haugesund gjennomfører valet 31. august og 1. september.
Alle dei tre institusjonane har frist til å nominere kandidatar kring midten av august. Ved HSH er datoen 10. august, så aktuelle kandidatar bør ta ferien til hjelp for å tenkje gjennom om dei vil stille.
– Det er lagt opp til at alle tilsette kan nominere kandidatar. Du må ha tre underskrifter, fortel viserektor Erik Kyrkjebø ved HiSF.
Det blir ingen nominasjonskomité, og utan eiga avis kan valkampen bli noko avgrensa. Men På Høyden vil presentere kandidatane så snart dei er klare, og gi plass til innlegg i valkampen.