Hubro om havklima

Publisert

Temperaturendringar i havet vil kunne få store følgjer, blant anna for fisket langs norskekysten. Klima og livet i havet er tema for den nye utgåva av Hubro, UiBs magasin.

Forsking på øyresteinar frå fisk og mennesket som evolusjonær drivkraft er noko av det Hubro tek for seg i temadelen.

– Gjennom fangst og fiske og forurensing er mennesket blitt ei evolusjonær drivkraft. Spørsmålet er kva artar vi er i ferd med å endre og om dei er robuste nok til å takle framtidige klimaendringar, seier stipendiat Christian Jørgensen ved institutt for biologi, UiB, til Hubro.

Gjennom bruk av avanserte dataprogram simulerer han evolusjonsprosessar hos fisk og undersøker korleis fysiologi og åtferd endrar seg i takt med endringar i livsgrunnlag. Dette er eitt av ei rad forskingsprosjekt på klima og global oppvarming ved UiB.

I siste Hubro kan du også lese om konkurransen i norsk daglegvaremarknad, ammehjelp til hiv-smitta mødre i Sør-Afrika, MAR-ECO, vinterdepresjonar og utdøyande jernteknologi.

Hubro vert distribuert til alle einingar ved UiB. For fleire eksemplar av bladet, kontakt hubro@uib.no

Powered by Labrador CMS