Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dronning Sonja opnar utstillinga Havlandet i Vestlandske Kunstindustrimuseum laurdag. Utstillinga er ein del av hundreårsmarkeringa Norge 2005.
Lukta av tjære blandar seg med lyden av ein tåkelur, bølgjer slår mot land. Havet verkar ikkje langt unna i utstillingslokala til Vestlandske Kunstindustrimuseum der utstillinga Havlandet blir gjort klar til opning. På ein svær collage som fyller ein heil vegg nyt ei kvinne eit glas kvitvin, medan ei jente stuper i fjorden. Det er overlevingsdrakter, oljeriggar, bedehusbasar og brennevin, sjøfolk og fyrlykter – og 470 pallar frå Fusa. Mange vil meine at vi har eit fjernare forhold til havet i dag enn vi hadde for hundre år sidan. Denne utstillinga vil vise at det kanskje ikkje er tilfellet, hevdar Nils Kolle. Han peikar på: Kolle seier at med Havlandet vil vise ulike sider ved vårt tilhøve til havet. Sjøen som pulsåre er ein av seks soner på utstillinga. Den fortel om det evige, pulserande og livgjevande havet, som fraktar varer mellom det kjende og ukjende. Om det milde døsige havet på varme sommardagar. I denne avdelinga kan ein til dømes sjå video av ”Syndere i sommersol” eller lese sitat frå Jacob Sande og Ragnar Hovland. Den femte sona er rikdom, som handlar om kva ressursane i havet tyder for oss økonomisk. – Eg synest at vi har hatt ein fantastisk prosess – og har ikkje opplevd det som noko vanskeleg. Noko av det mest interessante eg veit å jobbe med andre faggrupper som sit med svært mykje kunnskap på sitt felt. Det er nettopp derfor eg har valt å jobbe med utstillingsdesign, seier Hanna Hilt som er ansvarleg for formgjevinga på Havlandet. Ho er stipendiat ved Kunsthøgskolen og utstillinga er ein del av hennar doktorgradsprosjekt.
Havlandet er eit samarbeidsprosjekt mellom ei rekkje institusjonar. Mellom andre Bergen Museum, Bergens Sjøfartsmuseum, Norges Fiskerimuseum, Norsk Oljemuseum og Universitetet i Bergen. Budsjettet er på fem millioner kroner og UiB er ein viktig aktør. Førstemanuensis Nils Kolle ved Historisk institutt ved UiB er prosjektleiar for Havlandet som er ei av fire utstillingar som skal spegle ulike sider ved hundreåringen Norge. Dei andre er i Oslo, Tromsø og Trondheim.
Vi lever av havet
At vi er meire økonomisk avhengige av havet i dag enn vi var for hundre år sidan. Marin sektor står for tre fjerdedelar av verdiskapinga i Norge, gjennom olje- og gassindustri, fiske og havbruk, og skipsindustrien. Ja, til og med skipsmeklarar jobbar med havet. I tillegg spelar havet ei stor rolle som rekreasjonsområde. Tenk på alle som har småbåtar, seier Kolle.
Han meiner at vi ikkje er mykje anna enn ei lang kyststripe, samt nokre dalar på Austlandet. Medan 95 prosent av til dømes Irland er dyrkbart land, kan berre fem til ti prosent av landet i Noreg dyrkast.
– Vi bur ut mot havet, men vi har også noko det berre eit fåtal land er velsigna med, nemleg ein enorm skjergard, med fjordar, holmar, øyer og skjer. Dette mildnar havet,og gjer det mogleg å leve av det, og med det, seier historikaren som har jobba mykje med marin historie.
”Syndere i sommersol”
Ein annan sone er kalla kulturmøter.
– Tenk berre på at laks frå Sotra blir til sushi i Tokyo 48 timar seinare om alt klaffar. Det er så mange slike møte, seier Kolle ivrig i det vi går rundt i utstillingslokalet, der mykje endå skal på plass før dronninga kan opne utstillinga på laurdag klokka 13.00.
Oppdaging er den tredje sona, den fortel om korleis dei marine ressursane er blitt kartlagt, utforska og gjort tilgjengeleg for oss på nye måtar. Fare fokuserer på tilhøvet mellom menneska og havet i eit todelt samspel, både havet som fare for mennesket og mennesket som fare for havet.
Flodhestar på Skansen
Den siste sona, framtid, har fått sitt eige rom i utstillinga. Her er nesten fem hundre pallar nytta til å bygge opp installasjonar som gjev assosiasjonar til framtida. Her er ei manipulert utgåve av brudeferda i Hardanger der ein svær hai har sneke seg med på biletet, og det har blitt flodhestar i vatnet ved Skansen Brannstasjon og det er vindmøller og nye produkt frå havet.
Ifølge Nils Kolle har samarbeidet om utstillinga mellom akademikarar og kunstnarar ikkje vore heilt konfliktfritt, men likevel svært spennande.
– Du veit, vi ville jo gjerne ha mykje meir tekst, men der har vi måtta gje opp. Vi har måtta inngått ei rekkje kompromiss med designargruppa. Utstillinga slik ho er blitt legg opp til mykje meir oppleving enn gammaldags folkeopplysing – og kanskje er det vel så spennande, fabulerer Kolle som er spent på kva mottaking Havlandet vil få.
Nøgd designar
– Hanna er ein tryllekunstnar med utstillingsarkitektur, skryt leiar ved Vestlandske Kunstindustrimuseum Jorunn Håkestad. På utstillinga er det og ein del kunst som er utlånt av Vestlandske Kunstindustrimuseum, mellom anna nye glasgjenstander av Cathrine Maske og tannbørstekunst. Tannbørstar kjem jo som kjent frå havet – laga av petroleum.
Utstillinga blir vist på Permanenten – Vestlandske Kunstindustrimuseum i tida 24.april til 18.september. Deretter skal den vandre til Stavanger.