Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I år fyller jordskjelvstasjonen i Bergen 100 år. Det vert markert med ei jubileumsutstilling på Bergen museum.
På utstillinga kan du mellom anna oppleve eit kontrollert jordskjelv i ein nybygd jordskjelvsimulator, lage din eigen tsunami eller sjå korleis dei flottaste lego-byggverk knekk saman på eit ristande underlag. Jordskjelvutstillinga er eit samarbeid mellom Institutt for geovitskap og Bergen museum. Torsdag vart utstillinga opna, med gjester frå både fjern og nær - ferdig utdanna seismologar har ein tendens til å spreie seg over store delar av verda. I 1904 tiltredde Noreg den internasjonale konvensjonen for jordskjelvforsking, og året etter løyvde Stortinget midlar til ein seismograf som vart plassert ved Bergen museum. Ein meir avansert seismograf kom til på byrjinga av 20-talet. Målet med stasjonen var å registrere og rapportere om store skjelv over heile verda, og om dei mindre skjelva som er nokså vanlege hjå oss. Som det står i UiB sitt historieverk: ”Noen egentlig forskningsvirksomhet kan man knapt kalle det. Det viktigste var å informere folk som hadde merket et skjelv og var blitt oppskaket.” For ikkje å nemne at jordskjelvstasjonen var god reklame for Bergen museum.
Ein kan spekulere på kvifor det ligg ein jordskjelvstasjon i Bergen, når det finst så mange andre, meir jordskjelvutsette område i verda. Men læra om jordskjelv er eigna til meir enn berre å rekne ut styrken på dei store jordskjelvkatastrofane. Det er seismologien som er det viktigaste verktøyet for å få kunnskap om tilhøva i det indre av jorda.
Registrerte Rocknes og tsunami
I Noreg blir seismologien brukt først og fremst i samband med oljeleiting. Men jordskjelvstasjonen ved UiB tek imot spørsmål frå publikum og jordskjelv, og kunne gje informasjon om både Rocknes-ulukka og om tsunamien i Søraust-Asia, som begge vart registrerte av instrumenta ved stasjonen.
No har UiB eit moderne seismisk nettverk med 30 stasjonar som dekkjer heile fastlandet og dei nærliggjande havområda. I oljealderen er kunnskap om jordskjelv svært relevant, mellom anna for å kunne bygge plattformer som kan tole jordskjelv.
Jubileumsutstillinga gjev informasjon både om jordskjelv som naturfenomen og om seismiske målingar og teknikkar.