Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den visuelle profilen til Høgskulen på Vestlandet (HVL) er klar. No skal mellom anna nye nettsider og studiekatalog på plass.
– Me er i full sving med implementeringa av profilen no, folk synest det er spennande - nokon er begeistra, nokre er meir lunke. Slik er det alltid når noko nytt skal innførast, seier Elin Folgerø Styve, som har leia arbeidet med den visuelle kommunikasjonsplattforma for høgskulen.
Ho fortel at dei har designarar som står klare til å ta den i bruk, men at det er mykje som skal ordnast. Særleg studiekatalogen som skal takast i bruk for å rekruttera nye studentar må på plass.
– Me skal klara å bli ferdige i tide, men det er klart at det er forferdeleg travelt. Det har me visst heile tida, seier Styve.
– Akademisk og miljøbevisst
I mars 2016 blei det vedtatt at det skulle lysast ut konkurranse for designen til den nye vestlandshøgskulen, Burson-Marsteller (B-M) si designavdeling vann kontrakten. Dei har nytta seg av work-shops med studentar og tilsette, og av referansegrupper som har bestått av studiesøkande ungdom frå heile landet for å komma fram til profilen,
I rapporten til designselskapet Burson-Marsteller etter testinga står det:
«Retning to er ein klar vinnar. Den har ein logo som er enkel å dekoda. Det er lett å sjå V-en for Vestlandet. Designet er proft og ser stilreint ut. Uttrykket kan opplevast akademisk, men også miljøbevisst»
— Litt ambisiøst
Styreleiar for interimstyre til den nye høgskulen, Arvid Hallén, seier han er veldig fornøgd med den nye logoen.
– Det er store ambisjonar knytta til HVL, og at ein skal få noko meir ut av ein slik større høgskule enn det ein kunne få ut av tre samarbeidande høgskular. Denne vestlandsidentiteten er understreka veldig sterkt i logoen: Høgskulen har ei sterk rolle i samfunnet og i samspelet med næringslivet og det offentlege.
Høgskulen skal vera lett gjenkjenneleg på sin visuelle profil, fortel Hallén.
– Det ligg mange målsettingar her, og å fanga alle dei i eit enkelt visuelt uttrykk er kanskje litt ambisiøst. Men det skal vera noko som kan gjenkjennast raskt og identifiserast med HVL, og det har eg god tru på at den visuelle profilen og logoen skal kunne bidra til, seier Hallén.
Slik blir hovudlogoen til den nye høgskulen, som får det engelske namnet Western Norway University of Applied Sciences.