Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
HVL fann berre éin kvalifiserte søkar då dei lyste ut stillinga som økonomidirektør internt - no har 18 personar søkt på den eksterne utlysinga. Sjå lista her.
– Det er mange interessante søkarar på lista. Eg har all grunn til å tru at me kjem i mål denne gong, seier rektor Berit Rokne.
Sundag gjekk fristen for å søka på stillinga som direktør for økonomi og arealforvalting på Høgskulen på Vestlandet ut.
På søkarlista står mellom anna økonomisjef på NHH, Klas Rønning, og økonomisjef på Christian Michelsens Institutt, Svein Muri. Fire av dei 18 søkarane er unnateke offentlegheita.
Økonomidirektørstillinga vart før sommaren lyst ut internt, saman med stillinga som organisasjonsdirektør. Ein fekk berre inn tre søknadar til kvar av stillingane.
I behandling av tilsettingane i styremøtet i juni var det berre Tage Båtsvik som blei funnen kvalifisert til stillinga som direktør for økonomi og arealforvalting. Han vart også innstilt som nummer éin til jobben som organisasjonsdirektør – som han takka ja til.
Det vart bestemt at dersom Tage Båtsvik takka nei til jobben som økonomidirektør, skulle den lysast ut eksternt.
Hovudtillitsvald i Forskarforbundet på HVL, Kristin Hinna, seier dei tillitsvalde i utganspunktet ønska at begge direktørstillingane skulle lysast ut eksternt.
– Det har vore tvil om korleis ein skulle tolka plattforma. Det som var krystallklart var at rektorstillinga skulle lysast ut eksternt. Dei tillitsvalde ønska også at direktørstillingane skulle verta lyst ut eksternt frå dag éin, seier Hinna.
Ho seier årsaka er at dette er to heilt nyoppretta stillingar med nye funksjonsområde.
– Delar av stillingane var gjenkjennbare, medan andre ikkje var det. Me meiner det ville vore fornuftig å løfta det utover institusjonane fordi det var nye forventingar til direktørane.
HVL-rektor Berit Rokne er ikkje einig i at den burde ha vore lyst ut eksternt i utgangspunktet - sjølv om tilsettinga no dreg ut i tid.
– Det låg i fusjonsplattforma at me skulle ha interne utlysingar på leiarstillingane, og det meinte også styret. Styret hadde også vedtak på at viss det ikkje var kvalifiserte søkarar internt, så skulle me ha ekstern utlysing. Og den tidsforskyvinga som det fører med seg må me leva med, seier Rokne.
Rektoren seier dei vil prøva å få på plass tilsettinga så snart som råd.
– Aktuelle søkarar vil bli kontakta for intervju, og så tar me det derifrå.
Det er høgskulestyret som til slutt avgjer kven som får jobben.
Desse har søkt: