Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
No er det klart korleis eit mogleg nybygg på Kronstad vil sjå ut. Bygget rommar over 2000 studentar, og kan stå ferdig i 2020.
Vinnarane av arkitektkonkurransen er entreprenør Kruse Smith i Bergen i samarbeid med L2 arkitektar i Oslo.
Tilbygget skal stå nord for nybygget som kom på Kronstad i 2014, og blir over 14 000 kvadratmeter stort.
Når bygget som kosta over 2, 5 milliardar kroner stod ferdig i 2014, var det utan plass til alle studentar og tilsette. Høgskulen i Bergen måtte halda fram med å leiga lokaler i Møllendalsveien.
Med det nye tilbygget ønsker ein å samla alle studentar og tilsette i nærregion Bergen på Kronstad.
Finansieringa av bygget er tenkt å skje gjennom ein kurantorordning, kor Høgskulen på Vestlandet må garantera for at dei vil dekka husleiga i bygget innanfor sine eksisterande rammer.
Tomta er allereie regulert.
Første steg på veg mot nybygget er for styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) å godkjenna ein slik leigeavtale. Deretter må regjeringa godkjenna prosjektet.
– Viss alt går etter planen er det tiltenkt byggestart i byrjinga av 2018. Då kan bygget stå ferdig rundt sommaren 2020, seier direktør ved Seksjon for arealforvaltning, drift og brukarservice ved nærregion Bergen, Endre Laastad.
Laastad er godt fornøgd med løysinga ein har landa på.
– Bygget er svært teneleg for høgskulen, både når det gjeld det eksterne og det interne, med ei god planløysing. Estetisk harmonerer bygget godt med bygget me oppførte i 2014. Me er opne for mindre justeringar i ein fase framover, men slik eg ser det så har bygget dei kvalitetane me søker etter. Det som ligg av klimatiltak i bygget er viktig. Det er eit miljøbygg som har høge miljøkrav, det har vore eit stort fokus i denne prosessen, seier Laastad.
Det er ikkje avklart kva for miljø som skal inn i bygget endå.
– HVL skal i løpet av byggeperioden gjennomføra ein prosess kor ein skal forsøka å finne den mest optimale plasseringa av miljøa som vil få plass på Kronstad, seier Laastad.