I form til reform

Publisert

Under mottoet «Kom i form til Kvalitetsreformen!» går Juridisk fakultet aktivt inn for å få dei tilsette til å nytte tilbodet om billeg trening ved SiB sine treningssenter.

Dei er ikkje så mange, dei tilsette på fakultetssekretariatet på Juridisk fakultet som har møtt opp på Vektertorget treningssenter klokka åtte ein måndagsmorgon, for å få ei guida omvising gjennom dei ulike apparata. Men motivasjonen er det ingenting å seie på.

– Det er nok vinterferien som har skulda, trur dei.

– I dag var det nesten tomt på kontora også.

Det er første gong sidan opninga at Vektertorget har ei slik gruppeomvising for tilsette. Initiativet kom frå fakultetet. I invitasjonen heiter det at Kvalitetsreforma vil stille store krav til medarbeidarane ved fakultetet, og for at alle skal vere best mogleg rusta til denne kraftprøva, har fakultetsleiinga inngått ein avtale med SiB om eit introduksjonstilbod ved treningssentera.

Dagleg leiar ved Vektertorget treningssenter, Arve Åsnes, tek imot i resepsjonen. Han fortel om prisar på treningskort, og om gruppetreningstilbodet på Vektertorget.

– Her i spinning-rommet har vi nett utvida kapasiteten, så no er her plass til rundt 38 syklar, seier han.

– Då kan dei som sit bakerst faktisk ikkje sjå intruktøren. Difor har vi montert eit videokamera og to store TV-skjermar her, slik at dei bakerste kan følgje instruksjonen på skjermen.

– Kjempepositivt!

Etterpå går turen til kondisjonsapparata ute i salen.

– Kontrollpanelet ser kanskje komplisert ut, men det er det eigentleg ikkje. Og alle desse apparata kjem frå same produsent, så kan du bruke eitt, kan du bruke alle, forklarer Åsnes, og minner om at ein også kan tinge personleg styrkerettleiingstime, der ein instruktør kan vise ulike apparatøvingar og sette opp eit treningsprogram.

– Eg tykkjer dette er eit kjempepositivt tiltak, seier Eli Ertresvaag Zachariadis, som aldri har vore på Vektertorget tidlegare.

Ho har som mål å bruke treningssenteret eit par gonger i veka.

– Eg kan godt tenkje meg å prøve ein spinningtime, eller bruke syklane her i kondisjonssalen. Eg likar godt å sykle.

Ho trur det vil vere mest aktuelt å trene i morgontimane.

– Ettermiddagane går gjerne vekk i andre ting, henting av born og slikt. Dessutan trur eg det er viktig å vere fleire om det, slik at ein kan motivere kvarandre. Eg ville nok ikkje stått tidleg opp ein måndags morgon og troppe opp her, om vi ikkje hadde fått eit slikt tilbod.


Auke i andelen tilsette

– Rundt rekna er det om lag 300 tilsette som nyttar treningstilbodet til SiB, opplyser idrettssjef Bård Johansen.

– Ein god del av desse kjøper dagsbillett, men trenar regelmessig.

Det har vore ei jamn auking i talet på tilsette sidan opninga av Vektertorget for to år sidan. Det er treningssentera på Vektertorget og Studentsenteret som har den største pågangen.

– Spesielt på Vektertorget er trykket stort. Vi har fire treningssenter i drift, og vonar at vi snart kan starte bygginga av det femte, seier Johansen.

Powered by Labrador CMS