I rettsalen ligg nøkkelen til demokratiet

Publisert

– Rolla til rettssystemet er veldig sentral i oppbygging av demokrati - og den blir stadig viktigare. I mange “nye” statar, som til dømes i Aust-Europa, har ein trudd at berre ein fekk overgang til markedsøkonomi så ville rettssystemet følgja etter. Dette har vist seg å vera feil, seier Ole Andreassen, stipendiat ved Juridisk fakultet.

Han meiner at eit utvikla rettssystem er nøkkelen til å sikra borgarar individuelle rettar, demokrati og ein fungerande marknad. Andreassen er med i eit forskingsprosjekt som ser på demokratiseringsprosessar i tilknytning til utviklinga av rettssystema i land i Latin-Amerika og Afrika. Med i prosjektet er juristar, statsvitarar og økonomar, mellom anna frå UiB og CMI.

– Dette er eit område der juristar eller samfunnsvitarar kvar for seg ikkje kan foreta fullstendige analyser. Dette tverrfaglege samarbeidet er derfor svært fruktbart. Her møtes forskarar som ser på institusjonar og konstitusjonar. Vi går og inn i partnarskap med forskarar i dei aktuelle landa for å setja vår forskinga vår inn i den lokale kulturelle konteksten.

Torsdag 14. til laurdag 16.november arrangerer CMI og Juridisk fakultet, UiB ein konferanse som fokuserer på rettsystema i nye demokrati. Konferansen har fått tittelen “The accountability function of courts in new democracies”.

Understudert område

– Rettssystemet er kome veldig i fokus og vi ser på korleis ein kan utvikla eit uavhengig rettssystem. Det er mange som skriv om rettssystema i industrialiserte land, medan ikkje-europeiske land og land som er i ferd med å bygga opp demokrati, er lite studert. Vi prøver å identifisera dei uformelle kanalane. Det er mellom anna difor vi nyttar lokale forskarar.

Andreassen hevdar at for å laga bærekraftige demokrati må institusjonane tilpassast dei lokale tilhøva. Tidlegare har fokus vore på ultimate politiske løysingar, medan ein no har innsett at desse ikkje kan implementerast kor som helst, men må tilpassast eksisterande strukturar. Det viktigaste spørsmålet er korleis rettssystemet kan bli uavhengig av det politiske systemet, seier juristen.


Mange grupper blir marginalisert

Den omstridte presidenten i Venezuela, Hugo Chavez, var nyleg i Noreg der han mellom anna møtte Kjell Magne Bondevik og Kong Harald. Chavez er ifølge Ole Andreassen eit framifrå døme på korleis politikarar set rettssystemet under press.

– I mange av landa som befinn seg i overgongen mellom diktatur og demokrati balanserer rettssystemet på ei svært tynn line for å sikra folket sine interesser utan å bli spelt utover sidelina av maktglade politikarar. Rettsystemet skal ivareta folket sine interesser framfor dei som har politisk makt. I mange tilfelle ser vi at grupper blir marginalisert i forhold til det politiske systemet og da er det rettssystemet si oppgåve å sikra rettane deira. I tilfellet President Chavez er det heilt tydeleg at det foregår eit ekstremt sterkt press i rettssystemet for at han skal få gjennom sin agenda. Presidenten har legitimitet i berre ein del av folket og høgsterettsjustitiariusen såg seg nyleg nødd til å halda ei pressekonferanse kor han ba både president og opposisjon om å repektera sjølvstendet til rettssystemet.

Sjølv har Andreassen som sitt spesialfelt Latin-Amerika og særskilt Argentina, Peru og Brasil. Mange land i Latin-Amerika er i ei utvikling bort bort frå den liberale strømninga på 1990-talet og mot ein meir populistisk poltikk.

– Er institusjonane sterke nok til å stå imot dette? Det er det sentrale spørsmålet, seier Ole Andreassen.

Powered by Labrador CMS