Ibsens høge hår

Publisert

Då Henrik Ibsen i 1866 vart verdsberømt etter at Brand kom ut, endra han både hårfrisyre og handskrift.

Den då 38 år Ibsen vart mykje meir medviten om kva kunstnarimage han hadde etter at han verkeleg slo gjennom med Brand. På den kortvaksne dramatikaren (1,61 høg) skulle håret med eitt stå opp, i staden for å vere stroke bakover. Skjegget vart endra frå fullskjegg til det karakteristiske vi kjenner frå bilete av Ibsen på hans eldre dagar. Der har han ikkje lenger skjegg på haka, berre på sidene. Henrik Ibsen endra også handskrift, der den før Brand gjekk frå liggande mot høgre, endra han no til ei meir ståande, høgreist skrift.

Dette kjem fram i ei utstilling om Ibsen som merkevarebyggar som opna på Universitetsbiblioteket på HF mandag 22. mai. Ein av dei som står bak utstillinga med tittelen “Fragment av Henrik Ibsen”, er førstebibliotekar Jan Olav Gatland. Han trur ikkje det er så mange andre som har sett på korleis diktaren bygde opp kunstnarimaget sitt.

– Henrik Ibsen er så gjennomanalysert og gjennomstudert, men vi fann ut at den visuelle Ibsen har det vore lite fokus på. Vi har difor sett på korleis  han dreiv med branding av sin eigen diktaridentitet - også kalla merkevarebygging.  For medan Ibsen før han vart verdskjend var seg sjølv, ville han no vere ”den berømte Ibsen”, seier Gatland. Han trekkjer mellom anna fram at Ibsen fekk laga sitt eige monogram. Gatland er overraska over at dette ikkje blir brukt no i jubileumsåret for Ibsens død, til dømes på Henrik Ibsens Skrifter der dei istaden har laga eit nytt og meir kjedeleg monogram, hevdar han.

– Difor er vi veldig glade for å vise dette fram  på vår utstilling på nett, avsluttar Gatland, som har laga utstillinga saman med Pedro Vásquez ved Spesialsamlingane ved UB. I dag er det for øvrig hundre år sidan Henrik Ibsen døydde.

 

Powered by Labrador CMS