Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Henrik Ibsens handsaming av kjønn er framleis forurolegande moderne, seier professor i litteraturvitskap og leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK), Ellen Mortensen.
”The Sexed Ibsen” er tema for eit internasjonalt seminar som SKOK arrangerer 26.mai på Bryggens museum. Fleire utanlandske og norske forskarar kjem for å kaste lys over Ibsens kvinner og menn frå ulike ståstader; politisk, filosofisk, frå eit teaterperspektiv, frå et feministisk perspektiv og med litteraturvitskapens innfallsvinklar. Seminaret er for den opplyste ålmenta. Det er ikkje eit seminar for spesialistar, men for folk som har lyst til å lære korleis samtidsforskarar les Ibsen, fortel Ellen Mortensen, som oppmoder alle interesserte til å komme. På seminaret blir det også smakebitar frå Eit dukkehjem og Hedda Gabler av skodespelarar frå DNS. Farlege Brand Stokk konservativ fridomselskar Demoniske kvinner I følge Mortensen er Hedda Gabler ein tragisk figur med ein visjon for fridom, ho er for steil og absolutt, men samstundes har ho mykje av den demoniske, destruktive krafta som ein må ha for å ryste omverda. Ho blir eit bilete på nokre umoglege lengsler og visjonar, som slår tilbake på ho sjølv når Hedda ender med å ta livet av seg. Framleis er ho ein skikkelse som foruroligar oss. Sit i klisteret ”The Sexed Ibsen” blir arrangert i samarbeid med Ibsen 2006 Bergen og i samband med premieren på Peer Gynt, regissert av Calixto Bieito (på katalansk) under Festspillene i Bergen.
Mortensen meiner at kjønnsperspektivet er heilt sentralt hjå Ibsen og at ein kan finne dette i alle hans stykke. – Det er umogleg å tenke seg eit Ibsen-drama utan både mann og kvinne, og kjønn spelar ei avgjerande rolle i dynamikken mellom karakterane i stykka hans. Men det er ikkje ein overordna visjon for fridom han agiterer for. Det er einskildskjebene han forherligar. Ta til dømes Brand, han er livsfarleg for omgjevnadane. Han ofrar kjærleik for makt, men slik klarar han også å skape noko utover seg sjølv. Han blir ein av desse som gjer ein skilnad i kulturen, seier Ellen Mortensen.
Henrik Ibsen har blitt kalla rasist, kvinnehatar, elitist, romantikar og himmelstormar. Samstundes har han eit utruleg skarpt blikk på delar av kulturen og samfunnet og den mennesklege psyka hjå begge kjønn, hevdar litteraturforskaren. Ho peikar på at Ibsen var paradoksal; han var både stokk konservativ og samstundes besatt av individuell fridom - for begge kjønn. Det er det at han går såpass djupt inn i menneskesinnet er det som gjer han til ein spennande forfattar, og ei rekke av Ibsens kvinneskikkelsar er svært komplekse. Fru Alving, Hedda Gabler, Fru Linde, Nora og Rebecca West søker alle fridom, samstundes som dei er fanga i eit borgarleg tilvære.
– Ibsen viser også fram alt det demoniske som fins i kvinnekjønnet. Den destruktive krafta til Hedda, unnfallenheita til fru Alving, kvinneleg narsissime hjå mange av kvinnene, og til dømes sluheita til Regine. Det typiske for Ibsen er at desse karaktertrekka er kobla med andre karaktertrekk som er positive. Hedda Gabler, som er ein av dei mørkaste karakterane hjå Ibsen, er tiltrekkande og frastøtande på same tid.
Kvinners posisjon er på nokre måtar ikkje radikalt annleis i dag. Endå i dag - sjølv om ekteskapet ikkje er like intakt - er kvinner på mange måtar fanga i samlivet, både av økonomiske og statusmessige årsaker. Framleis er det uvanleg at menn står ved ”kona si side”, som det nesten alltid står ei kvinne, ved ein manns side.
– Problemet med ekteskap og samliv viser seg som regel når kvinner skal forfølge egne prosjekt. Kvinner har sjeldan høgare status og meir framgongsrik karriere enn sine ektemenn, og det er også mentale sperrer for kva kvinner ser på som mogleg for dei sjølve, seier Mortensen.