Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
SKOK flytta frå Allégaten 34 til Parkveien 9 i januar. No ynskjer dei at namnet Ida Bloms hus også vert med på flyttelasset.
I januar flytta både Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) og naboane i Senter for vitenskapsteori (SVT) inn i nye lokaler inn i den freda murvillaen i Parkveien 9. I eit brev til universitetsdirektøren ber senterleiar Christine M. Jacobsen og administrasjonssjef Tone Lund-Olsen no om at namnet Ida Bloms hus vert flytta med dei.
– Grunngjevinga for det er den same som då me fyrst kom med framlegget om namnet Ida Bloms hus, fortel Lund-Olsen.
Ho syner til brevet som vart sendt til dåverande rektor og universitetsdirektør. I dette vert Blom omtala som ein markant historikar og som den uomtvista nestoren for norsk kvinne- og kjønnshistorie.
I 2008 var namnevalet eit faktum.
– På godt bergensk kan eg seie at eg vart månebedotten då eg fekk vite det. Eg trudde ein måtte vere død for lenge sidan for å få eit hus eller ei gate kalla opp etter seg. Men her står eg, sa Ida Blom sjølv då dette vart markert den hausten.
Blom gjekk bort i 2016.
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fortel at han ikkje reknar med at nokon vil ha innvendingar mot SKOK sitt ynskje, men at det no vert vurdert kor vidt namnet på ny må handsamast i universitetsstyret.