Ida sine kvite månader

Publisert

Ida Storehaug drakk ikkje ein dråpe alkohol på tre månader i fjor haust. Ho forventa å kjeda seg og mista trua på menneskearten – men det gjekk ikkje heilt slik.

I fjor haust vart Nattens helter oppretta – eit forum for å snakka om sosialt drikkepress. Fire studentar vart utfordra til å vera edru i tre månader, og til å blogga om det.

– Det var inga umiddelbar glede knytt til det å skulle delta, fortalte UiB-student Ida Storehaug eit halvt år etter.

– Eg er ein såkalla aktiv student som er mykje ute, og då gjerne tek eit glas vin eller to. Eg forventa å kjeda meg, og eg forventa å missa trua på menneska når eg som den einaste skulle vera edru på fest.

Tjue prosent meiner det er for mykje alkohol
Norske studentar drikk alkohol. Mykje alkohol. I SHoT-undersøkinga (studentenes helse -og trivselsundersøkelse) i 2010 kom det fram at 16 prosent av norske studenter drikk alkohol fleire gongar i veka. Dei yngste drikk sjeldan så mykje, men ein ser ein svakt aukande tendens med studieansiennitet. Det kan tyda på at ein får eit nytt drikkemønster i studieperioden, heiter det i rapporten. Undersøkinga viser òg at 17 prosent av studentane har eit drikkemønster som inneber alvorleg risiko dersom det held fram over tid. Samstundes viste undersøkinga av tjue prosent av studentane meiner at det vert drukke for mykje alkohol i studentmiljøa.

«Fyll, fest og akademisk dannelse» heitte seminaret Studentsamskipnaden i Bergen arrangerte denne veka, med undertittelen «Studenter og rusmiddelpolitikk ved universiteter og høyskoler».

For kva er det med studentar og alkohol? Det var spørsmålet Storehaug stilte seg sjølv då ho merka kor lite lyst ho eigentleg hadde til å droppa alkohol i tre månader.

– Vera ein av dei kule
– Det viste seg at eg ikkje fekk så mange reaksjonar på at eg ikkje drakk alkohol – det vart stort sett heilt okey å ikkje drikka. Det fekk meg til å tenkja på korleis drikkepresset ser ut i studentmiljøet. Det handlar om å vera ein del av fellesskapet og å vera ein av dei kule, sa Storehaug.

Ho seier at det ikkje er slik at det ikkje er mogleg å vera med på studentaktivitetar utan å drikka alkohol. Tvert imot er det mange alkoholfrie tilbod.

– Eg trefte òg avhaldsfolk som laga sine eigne sosiale opplegg. Dei inviterte til dømes til søndagsfrukost, òg venner som hadde vore ute kvelden før, eller dei hadde nachspiel der ein spelte Super Mario og åt pannekaker.

Men eit par problematiske sider fann Storehaug. Det eine var å vera edru på festar der det var lagt opp til grøftefyll.

– Eg lærte å unngå slike festar, sa ho.

Det andre var at ho opplevde at mange kom til henne og ville snakka om sitt eige forhold til alkohol.

– Mange bur til dømes i kollektiv, og tek kanskje eitt eller to glas vin saman nesten kvar kveld. Det er i og for seg ein sunn drikkekultur – men det er mange som ikkje taklar å ha eit slikt forhold til alkohol, sa Storhaug.

Ida Storehaug fortalte om korleis ho opplevde å vera edru student i tre månader. – Me var fire studentar som var med. Her ser de meg i gul kjole, sa ho til latter frå salen. Begge foto: Hilde Kristin Strand

Vil kartlegga
Korleis ser ein så at nokon studentar er i faresona?

– Det finst ulike måtar ein kan kartlegga på. Det eine er sjølvsagt å snakka med heile studentkull. Ein annan måte er å legga eit kartleggingsverktøy ut på Internett, det er det allereie nokre studentsamskipnadar som har gjort. Då kan studentane undersøkja sin eigen alkoholbruk, og så bør det ligga ein link til ein stad ein kan få oppfølging, sa Irene Prestøy Lie frå Helsedirektoratet.

Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning ved UiB, er oppteken av at ein må sjå den enkelte studenten.

– Kva gjer ein med overgangen frå vidaregåande skule til universitet? Det er det første året fråfallet er størst, sa Atakan.

Han meiner at UiB må ha eit godt mottaksapparat og ein kapasitet til å identifisera dei som fell frå.

– Læringsmåla bør ikkje berre handla om akademiske mål, men òg om personen.

– Fadrane vert helten
Atakan sa at i forhold til alkoholbruk handlar det både om kven som er heltane og kor toleransegrensa går. Dette er noko UiB legg vekt på i fadderveka.

– Sjølvsagt er det eit spørsmål kor mykje UiB skal gripa inn i fadderveka, dette er eit arrangement av og for studentar. Frå i år har me fokus på å kursa fadrane, sa Atakan.

Viserektoren sa at fadderleiarane er bevisste og erfarne studentar. Men det er ikkje alle fadrane.

– Dei er unge, og det kan ofte vera dei som vert trendsetjarar eller heltar. Det er nok ikkje alle som har rett tanke bak å verta fadder, trur Atakan.

Noko av det fadrane kjem til å verta kursa i er grenser for alkoholbruk og handtering av eventuelle kriser.

Atakan meiner at ein fornuftig bruk av alkohol er vegen å gå.

Det meiner Ida Storehaug òg.

– Eg drikk nok ikkje noko mindre enn eg gjorde før eg vart med på «Nattens helter». Men eg har fått eit anna syn på når ein skal drikka, og eg er oppteken av at alle skal kunne velja sitt eige forhold til alkohol.

Powered by Labrador CMS