Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rektor Sigmund Grønmo er ikkje sikker på om innstegsstillingar kjem til å gjera noko med kjønnsbalansen. I tillegg ønskjer han seg friske pengar som kan finansiera slike stillingar.
– Innstegsstillingar kan auka talet på mellombelse stillingar. Men det er ein annan type mellombelse stillingar, sa rektor Sigmund Grønmo i universitetsstyret førre veke. Forskingsmeldinga som vart presentert tidlegare i vår opnar opp for 300 innstegsstillingar. – Det er høgst uklårt om dette berre er noko ein får heimel til å gjera. Det er ikkje sikkert at det verken er finansiering av eller oppretting av fleire stillingar, men at det vert opna for at ein kan disponera dei stillingane ein har innan ein kvote, sa Grønmo. – Meiningslaust – Fleire gir no signal om at det er meiningslaust med ei ordning med innstegsstillingar med mindre dei kjem på toppen av dei stillingane me allereie får. Dersom dei kjem på toppen bør dei vera for alle fag – ikkje berre for matematisk-naturvitskapelege fag, tekniske fag, medisin og odontologi, sa Grønmo. Det har vorte sagt frå fleire hald at innstegsstillingane kan gi fleire kvinner i akademia. – Det er ikkje sikkert at slike stillingar vil gjera noko med kjønnsbalansen. Me må òg vera på vakt mot at ordninga kan gjera at konkurransen om stillingar kan verta svekka, sa Grønmo, før han oppsummerte: – Ja, me går inn for innstegsstillingar. Men me må vera merksame på begge sider av saka. 511 i mellombels stilling – Me bør vurdera å redusera talet på mellombelse forskarstillingar, sa Grønmo. – Det er viktigare å ha god forsking rundt dei som har faste stillingar enn å ha mange mellombelse forskarar. Det er mogleg å legga inn både stipendiatstillingar og postdok-stillingar når ein søkjer om midlar til eit prosjekt. Det siste uroar Lars Petter Storm Torjussen, som representerer gruppe B. Tre kategoriar Han meiner at reine forskarstillingar er i strid med prinsippet om at alle vitskapeleg tilsette både skal forska og undervisa. Ifølgje rektor er det tre kategoriar av mellombelse stillingar. Den første er dei som skal vera avgrensa, som pd.h. Den neste er sett på som uproblematisk; her kjem professor II-stillingar, vikariat til dømes under forskingstermin og tilsetjingar knytta til til dømes SFF. – Den tredje kategorien er mellombelse stillingar som ikkje er naudsynte eller ønskjelege, til dømes å tilsetja i forskarstillingar etter postdok-perioden. Det kan vera gode og akseptable grunnar i enkelttilfelle, men kanskje ein burde ha ei slags kvoteordning. Det er noko eg allereie har diskutert med dekanane, sa Grønmo. Rektor Sigmund Grønmo var positiv til forskingsmeldinga som vart presentert av statsminster Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Men han meiner at innstegsstillingar, som meldinga opnar for, ikkje utelukkande er positivt. Foto: Hilde Kristin Strand
Dersom det siste er tilfelle, kan ein til dømes gjera om postdok-stillingar eller andre faste stillingar til innstegsstillingar. Desse stillingane har, dersom ein ser på modellen frå USA, ei varigheit på fem til sju år. Dersom kandidatane skikkar seg vel og er kvalifiserte, får dei såkalla tenure – fast stilling.
Saka styret diskuterte, handla om personellsituasjonen og tiltak for å redusera talet på mellombelse stillingar ved UiB. I dag har universitetet 133 mellombelse forskarårsverk. For førsteamanuensar er talet 38, det er tilsett ein førstelektor i mellombels stilling, fire høgskulelærarar/øvingslærarar, tre professorar og det er 56 mellombelse årsverk som universitetslektor. Dei mellombelse forskarstillingane finn ein flest av ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Deretter kjem Det medisinsk-odontologiske fakultetet og Det humanistiske fakultetet. I februar i år var 511 personar tilsett i mellombelse stillingar ved UiB. 143 av desse var vikariat.
– I oktobermøtet tok eg opp situasjonen til dei som er mellombels tilsette på eksternfinansierte prosjekt. Der er eit press for å henta inn eksterne midlar. Dette vil skapa fleire mellombelse stillingar, frykta Torjussen.