Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
LLE fungerer framleis som eit institutt, vart det understreka i fakultetsstyret i går. Men for å betra situasjonen meiner dekan Gjert Kristoffersen at ein må vera opne for å justera instituttrammene.
– Det er ikkje slik at Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er eit institutt der ingenting fungerer i det heile, og der folk er sure og leie av kvarandre. Det er nokre strukturar som ikkje fungerer.
Det sa Gisle Selnes, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, då fakultetstyret tysdag handsama sak om instituttstrukturen ved Det humanistiske fakultet. Måndag sa professorane Torodd Kinn og Erling Aadland til På Høyden at instituttet er for stort og at instituttleiaren ikkje har tid til å vera ein fagleg leiar. Synspunkta deira finn ein att i evalueringa fakultetsstyret skulle handsama. Institutta vart før jul bedne om å evaluera sin eigen situasjon. Bakgrunnen er at det no er vel fem år sidan institutta ved HF vart færre – og stort sett større. – LLE er eit mislukka eksperiment, sa Kinn. I eit lesarbrev tek han til orde for ei deling av instituttet, med eit institutt for filologi, litteratur og språk som den eine delen. Vil vurdera justering – Tilbakemeldingane frå LLE har vore dramatiske – men ikkje alltid like klåre. Me må gripa tak i dette, sa dekan Gjert Kristoffersen. Det første som skjer er at instituttet skal ha eit internt møte 13. mars. Etter det møtet vert det bestemt om ein skal ha ei ekstern evaluering av instituttet. – Me må vera opne for ulike løysingar. Deling er klårt formulert, og det vil òg kunne få konsekvensar for andre institutt. Å justera instituttrammer er noko av det me må vera opne for, sa Kristoffersen. Han understreka at instituttet på ingen måte er dysfunksjonelt eller i ferd med å falla saman. – Det er framleis eit institutt som fungerer som eit universitetsinstitutt. Det skjer mykje god forsking der, og LLE har den største eksternfinansierte porteføljen ved fakultetet. Det er faktisk ein del av problemet, sa Kristoffersen. – LLE er ikkje eit fagleg konkursbu, sa han vidare. AHKR meiner dei er store nok – I utgangspunktet vil me sjå positivt på ei deling dersom det er ønskjeleg, og det er stor vilje til å vera med på ei løysing. Men tilbakemeldinga er at me ikkje er interesserte i å ha heile kabalen i spel – og me meiner at me er store nok. Ei av løysingane som har vorte lansert, er å flytta kunsthistorie til nettopp AHKR.
Nettopp deling er noko som truleg vil verta diskutert i den vidare prosessen.
Som På Høyden skreiv måndag, er dei andre institutta ved HF ifølgje evalueringane i hovudsak nøgde. Jan Heiret, som representerer AHKR, sa at instituttet hans allereie har lufta kva dei meiner om ei eventuell splitting av LLE.
– Kva med å sjå på andre humanistiske fakultet når ein skal evaluera LLE, spurte Jan Heiret (til høgre). – Kva har ein gjort andre stader i Noreg? Og i Norden? Har dei til dømes skilt ut estetiske fag i eit eige institutt? Her saman med Gisle Selnes frå LLE. Foto: Hilde Kristin Strand