Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Litteraturhuset er ein gåvepakke: Det kan styrka UiB sitt omdømme, og samstundes kan folk flest få innblikk i faglege arenaer. Det seier professor Gunnstein Akselberg, som sit i Litteraturhuset sitt styre.
– Universitetet er bokstaveleg tala oppe på haugen. Her skal ein finna fram blant amanuensar og professorar– det er ikkje vanskeleg å forstå at mange vegrar seg for å koma på opne forelesingar og andre arrangement her, seier Gunnstein Akselberg. Han er professor i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og sit i tillegg i styret for Litteraturhuset i Bergen. Folkets hus – Det er eit enormt engasjement rundt Litteraturhuset, og det var ei stor hending då det opna, meiner Akselberg. – Litteraturhuset er nede i byen – hos folk flest. Det skal vera låg terskel for å gå dit. I ein kronikk i BT brukte me i styret «folkets hus» om Litteraturhuset, illustrerer Akselberg. Trena på formidling – Av dei tre grunnpilarane forsking, undervisning og formidling har nok ikkje formidling alltid hatt den plassen det burde ved UiB, seier Akselberg. – Nokre har vore flinke, men andre har ikkje vore like flinke – eller kanskje ikkje like opptekne av formidling. No får ein ein arena der ein kan formidla – og der ein kan trena forskarane i formidling. Det skjer mykje interessant på UiB – dette er ein gåvepakke til folk. Ser sørover – UiB må bruka dette, det kan vera med på å styrka universitetet sitt omdømme. Ein treng ikkje alltid ringa til Oslo for å finna ein ekspert, illustrerer professoren. Litteraturhuset i Oslo har vorte ein stor suksess. I tillegg til i Bergen vert det no laga litteraturhus i ei eller anna form fleire stader i Noreg. Men sjølve ideen om litteraturhus er henta frå Tyskland. Det er same vegen styret i Bergen har sett når dei har sett saman programmet. – Me ønskjer eit anna fokus enn dei har i Oslo, og ser sørover og vestover. Me har augo retta mot vest – ikkje mot fjella i aust, humrar Akselberg. – Siri Hustvedt er ikkje tilfeldig valt. Og dersom ein ser attende nokre år, kom jo mykje av både litteraturen og kunsten frå Europa; frå Tyskland og Frankrike. Litteraturhuset i Bergen opna 31. jaunuar. Professor Gunnstein Akselberg meiner huset er eit gode både for byen og UiB. Foto: flickr.com/svennevenn
Førre veke var det opning av det nye litteraturhuset i Skostredet, og den første helga har mellom anna Siri Hustvedt og Paul Auster, Henrik Mestad si opplesing av utdrag frå Olav H. Hauge sine dagbøker og «Trollkrittet» vore på programmet.
Programmet for våren viser spenn, og òg UiB kjem til å vera representert på ulike måtar. Akselberg meiner at ein med Litteraturhuset kan få ein god arena for formidling.
Akselberg meiner at Litteraturhuset både kan gi eit innblikk i faglege arenaer og gi eit anna bilete av universitetet. I tillegg er han oppteken av at huset kan verta ein viktig samfunnsarena som òg kan styrka demokratiet.