Ikkje overraska over den helsefaglege evalueringa

Publisert

- Framlegga i evalueringa av norsk medisinsk- og helsefagleg forsking er heilt i tråd med dei tiltaka som er gjort frå fakultet si side, meiner dekanus Nils Erik Gilhus. Trass i at tre miljø ved UiB vart karakteriserte som ”excellent”, er det framleis mykje å utsette på korleis forskinga er organisert.

Det internasjonale panelet peika særleg på strukturelle problem med norsk medisinsk- og helsefagleg forsking. Ein treng større grupper, ei betre fagleg leiing og ein klarare prioritering om Norge skal kunne komme på nivå med dei andre nordiske landa.

Men finansieringssituasjonen fekk også mykje av skulda for at ikkje alt sto like bra til her heime. I følgje NTB var danske Kamper-Jørgensen, heilt nådelaus i sin diagnose under presentasjonen av evalueringa onsdag.

- Den norske regjeringa skulle skjemmast. Forskingsfinansieringa er ein skandale, konkluderte Kamper-Jørgensen. Han viste til at den offentlege løyvinga i Norge ligg langt etter dei andre nordiske landa og langt etter gjennomsnittet i OECD.

Sterkare miljø, meir målretta forsking

Dekanus ved Det medisinske fakultet, Nils Erik Gilhus, er ikkje overraska over konklusjonane i evalueringa.

- Vi har sett i verk fleire tiltak for å få større og sterkare miljø og gjere forskinga meir målretta. Sammenslåinga av institutt på fakultetet og etableringa av dei fem Locus-gruppene er døme på det. Men likevel har vi eit stort forbetringspotensiale, og dette heng i stor grad saman med økonomiske aspekt, meiner Gilhus.

Noko anna som evalueringa peika på, var verdien av eit nært samarbeid mellom pasientnær forsking og basal medisinsk grunnforsking.

- Her har jo vi dei beste føresetnader etter at BB-bygget kom på plass, seier Gilhus, og meinar at den gode karakteren til Institutt for biologisk og medisinsk psykologi syner dette poenget.

- Registermiljøa ved Institutt for samfunnsmedisinske fag (ISF) fekk jo også svært gode tilbakemeldingar, og det vart understreka at denne ressursen måtte utnyttast betre. Ideelt sett skulle ein i forskinga kunne koble helseregistera opp mot andre personidentifiserbare opplysningar, men her er det jo også etiske sider. I dag er det ikkje tilstrekkeleg politisk vilje til å leggje til rette for dette, meiner han.


Gode leiarar

Gilhus legg likevel vekt på at fleire kliniske forskingsmiljø har fått karakteren ”very good” og understrekar at fakultetet er svært nøgd med det.

Prorektor Rune Nilsen meiner den gode omtalen av miljøa ved UiB er eit resultat av fleire ting: Grunnlaget er dyktige folk med entusiasme, som utnyttar dei faglege rammevilkåra og haldningane som finst. Dessutan har dei vore prioriterte sentralt. Resultata oppstår i skjæringspunktet mellom gode fagmiljø, viktige problemstillingar og ein klar visjon frå leiinga, seier Nilsen.

Han legg til at det samla utfallet av evalueringa for UiB ikkje var overraskande.

– Satsinga frå UiB si side er blitt mykje meir målretta dei siste åra. Det er godt å sjå at det vi allereie har diagnostisert innad, blir bekrefta i slike eksterne evalueringar. Det har vore ein serie evalueringar av helseforskinga vår, og alle har hatt same konklusjon: Utfordringa er å ta vare på dei gode miljøa og gjere dei til attraktive oasar, og samle innsatsen rundt tema der vi ser at vi verkeleg har noko å tilføre.

Styrar ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Helge Nordby, er samd i dette biletet.

– Vårt institutt har fleire bein å stå på. Vi har utmerka oss innanfor både kognitiv nevrovitskap og fysiologisk psykologi, og leiarane for desse gruppene har vore produktive og flinke til å trekke eksterne midlar og til å byggje opp ei stor gruppe av dyktige forskarar. Det spelar også ei rolle at Kenneth Hugdahl, som leiar Seksjon for kognitiv nevrovitskap, har bygd opp fMRI-gruppa i Bergen, eit miljø som har vore pionerar på funksjonell magnetresonans-avbilding. Det har gjeve god avkasting både fagleg- og publikasjonsmessig, seier Nordby.

Powered by Labrador CMS