Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fredag 30. januar feira Institutt for informasjonsvitskap og Institutt for medievitskap det som ser ut til å bli eit lukkeleg fornuftsekteskap, inngått for å vare. Eit godt døme på at ein pluss ein kan bli meir enn to, sa rektor då ho ønskte det nye instituttet til lukke.
Institutt for Informasjons- og medievitskap, som er det nye namnet, feira seg sjølv med trommekvervlar, kake og lukkønskingar i Studio A i Stein Rokkans hus. Professor i rettsinformatikk ved UiO, Jon Bing, var invitert til å halde opningsforedraget. Han peika på at overgangen frå fysiske varer til tenester vil representere eit viktig felt for det nye instituttet. Universitetsdirektør Kåre Rommetveit gav institutta skryt for at dei har teke tak i organiseringsproblematikken på ein offensiv måte. Rektor Kirsti Koch Christensen hadde fått oppdraget med å stå for sjølve opninga. Ho kunne også overrekkje blomar frå leiinga.
- I bokhylla mi har eg eit eksemplar av Norges lover, den mest omfangsrike boka som blir innbunde i Norge. Men det er jo mykje enklare for meg å dobbeltklikke på ikonet for lovdata på dataskjermen min, og klippe og lime teksten derifrå. Det er eit mønster at dei fysiske tinga blir borte, medan tenestene blir tilbake, og at dette endrar rammevilkåra, sa han.
Midt i denne utviklinga flyt IKT og medievitskap saman.
- IKT blir eit synonym for kulturteknologi. Teikn formar tekst, bilete og lyd, men eg trur dei har felles ein grunnleggjande kompetanse innanfor symboltolking og –manipulasjon. Det nye instituttet skal gjennom synergiar avdekkje skjulte effektar til beste for samfunnet, sa han.
Samfunnsvitarar syner handlingsevne
- Ein har sett behovet for å samle kreftene. No er vedtaka fatta, men det ligg framleis ein prosess framfor dykk. Ulike kulturar og tradisjonar skal sameinast, og her ligg det sjansar for samanstøytar og spenningar, men det kan også utnyttast kreativt, trudde han.
- Institutta har vore flinke til å balansere faglege visjonar mot pragmatisme til å bere fram ein levedyktig fusjon. For ein gongs skuld har samfunnsvitarar vist handlingsevne, spøkte dekanus ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Alf Erling Risa.
Han peika på at det nye instituttet sameinar fag som i utgangspunktet låg langt frå kvarandre.
- Det er ikkje så lenge sidan den humanistiske og den samfunnsvitskaplege delen av medievitskap vart slått i hop organisatorisk. Instituttet vil få ei stor spennvidde, og vil søkje ut både mot humanistane og mot naturvitskapen.
Vidtfemnande ambisjonar
- Eg veit presangen ser litt trist ut, sidan han framleis er innpakka, men det er vel kanskje husmora i meg som finn det underleg å gje avskorne blomar til ein institusjon på ein fredag, bemerka ho.
Det var den ferske instituttstyraren, Jostein Gripsrud, som avslutta den offisielle delen av programmet. Han la vekt på at det nye instituttet vil få eit sterkt element av praksis.
– Vi har både praktiske og teoretiske ambisjonar - det som så poplulært blir kalla synergieffektar. Vi produserer handgripelege ting, og til dømes har miljøet ved fjernsynsproduksjon sett konkrete spor etter seg. Men vi vil også sette spor i akademiske miljø. No blir naturvitskap, estetikk, bildeanalyse og meir til lagt til same institutt. Det gjev eit kolossalt potensiale, sa han nøgd.