Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kantina ved Det psykologiske fakultetet har vorte ny. I dag vert òg eit 10x1,5 meter stort kunstverk presentert.
– Det er alltid litt stress med slike prosjekt. Men det er positivt stress. Kunstnar Marit Victoria Wulff Andreassen smiler. Ho stiller litt på overheaden slik at skissene ligg heilt beint. Så byrjar arbeidet med å overføra skissene til veggen. Teiknar på frihand Kunstnaren legg ei av skissene, som mellom anna viser ei lita jente, på overheaden. Men sjølv om skissene er detaljerte, er det likevel noko som vert annleis når dei skal overførast til stort format. – Det som er ytst må eg teikna på frihand, seier Wulff Andreassen. – Vert veldig flott Ho er leiar i det kunsterneriske utvalet ved UiB og professor i kunsthistorie. Utvalet meinte at den nyoppussa kantina i psykologibygget trong kunst. Det vart sett ned ein komite med brukarrepresentantar og fagfolk, og ein kunstnerisk konsulent engasjert. Fleire kunstnarar vart vurderte. – Alle i gruppa var samde om at me ville bruka Wulff Andreassen. Eg trur dette vert veldig flott, og det ho lagar kjem òg til å verta ein kommentar til den andre kunsten i bygget, seier Meyer. Wulff Andreassen er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. I dag bur og arbeider ho i Stavanger, der ho har atelier. – Eg teiknar mykje i formata frå 30x40 og opp til 70x80 centimeter. Men eg har gjort nokre slike større arbeid tidlegare òg, mellom anna ein 21 meter lang, smal frise i ein symjehall i Stavanger, seier Wulff Andreassen. Seinare i år er ho ein av kunstnarane som er med på «Tegning NÅ» i Spriten kunsthall i Skien. Kjønn og identitet – Eg synest det som skjer inni menneske er mykje meir spanande enn det ytre. Dei landskapa eg lagar er nok meir indre enn ytre landskap, seier kunstnaren. Ho har arbeidd mykje med kjønn, seksualitet og identitet. – Er det kvinneskikkelsar du jobbar mest med? – Ja, det er nesten berre det. Eg trur knapt eg har teikna ein mann. Den første dagen i kantina lærte henne at ein del arbeid er enklast å gjera om kvelden, når det ikkje er så mange andre i bygget. – Når eg står så tett oppi arbeidet, får eg ikkje sett korleis det fungerer på avstand. Eg likar å kunne gå litt fram og attende, og det er lettast å få til om ettermiddagen og kvelden når det ikkje er så mange andre her.
Det er torsdag, klokka nærmar seg ti. Arbeidet byrja dagen før. Wulff Andreassen har teikna eit stort tre på høgre side av veggen. Ei lang remse med tape viser kor høgt opp sofaen kjem til å gå.
– Me i det estetiske utvalet har vore på synfaring for å sjå kvar det er behov for utsmykking, seier Siri Meyer.
Fredag, klokka er 1030. Wulff Andreassen står øvst oppe i gardintrappa. Den vesle jenta har fått selskap av ei kvinne med langt hår, og på begge sider av dei er det store tre.
Marit Victoria Wulff Andreassen brukar overhead til å overføra skissene til veggen. Slik såg arbeidet ut torsdag føremiddag. Alle foto: Hilde Kristin Strand
Vernissasje i dag
Måndag morgon. Helga har gått med til maling. No er det berre innspurten att – i dag klokka 14 inviterer fakultetet til vernissasje. Trestrukturane er ferdige, og Wulff Andreassen har malt på ein babyblå farge som bakgrunn til det kvite og svarte. Det vart tidleg morgon før kunstverket var ferdig.
– Har du fått nokre føringar for arbeidet?
– Dette er nok kanskje ikkje plassen ein provoserer, det kan ein gjera når ein har eigne utstillingar. Dette er oppdragskunst. Det var fleire kunstnarar som var aktuelle, så det var veldig kjekt å verta spurt, seier Wulff Andreassen.
– Eg måtte mala over litt i går, seier kunstnaren. Fredag føremiddag teikna ho trestrukturar på frihand.
Slik såg veggen ut måndag klokka 11. Då var det berre litt opprydding att før prosjektet er ferdig.