Forsking på vindmøller skal vere overførbart på rakettforsking, meiner PST. Difor er ein kinesisk doktorgradsstipendiat utvist frå Universitetet i Agder. Foto: Colourbox

Kina protesterar mot forskar-utvising

Publisert

Kinesiske styresmakter kallar utvisinga av ein doktorgradsstipendiat for grunnlaus og urimeleg. Forskaren er utvist fordi Politiets sikkerhetstjeneste (PST) meiner han er ei fare for tryggleiken til riket.

Saman med ein professor med europeisk statsborgarskap måtte den kinesiske stipendiaten dra frå Noreg innan 23. januar. Stipendiaten har forska på vindmølleteknologi i to år, men måtte i vinter avbryte doktorgradsarbeidet sitt på grunn av utvisinga. 

Tysdag drog den kinesiske politiske attachéen Ma Qiang til Utanriksdepartementet for å overlevere ein protest mot utvisinga. 

– Kinesisk UD og Kinas ambassade i Noreg er djupt urolege over denne saka, og meiner utvisinga av den kinesiske stipendiaten var totalt grunnlaus og urimeleleg, seier Ma Qiang til det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua. 

Han gjorde det klart at utvisinga er ei krenking av rettane til den kinesiske forskaren, og eit brot på den akademiske fridomen. 

– Det skader ryktet til Noreg og oppfatninga av Noreg i den akademiske verda. Det vil òg få negative følgjer for det bilaterale forholdet mellom Kina og Noreg, seier Ma. 

 

Powered by Labrador CMS