Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I over femti år har MS-pasientar verda over sett sin lit til at omega-3 kan halde sjukdommen tilbake. No visar forsking frå UiB at feittsyra ikkje har noko effekt på MS-utviklinga.
Tidlegare har helsevesenet trudd at omega-3 er gunstig for MS-pasientar. No viser UiB-forsking at dette ikkje er tilfelle. – Studien vår viste at omega-3 tilskot ikkje har noko effekt på sjukdomsaktivitten ved MS verken når den blir gitt aleine, eller i kombinasjon med eksisterande behandling for MS, seier stipendiat Stig Wergeland ved Institutt for klinisk medisin, UiB. Klare resultat – Dei tidlegare undersøkingane har vore små og mangla kontrollgrupper, og dei har ikkje klart å komme til ein eintydig konklusjon, seier Wergeland. Forskinga som Wergeland sjølv var med å utføre gav derimot klare resultat. Av dei 92 MS-pasientane som deltok i undersøkinga fekk 46 av dei dagleg omega-3 over ein periode på 6 månader, medan dei resterande 46 fekk tildelt eit placebo. Undersøking viste heilt eintydig at det ikkje var noko skil på sjukdomsutviklinga hjå dei to gruppene. Studien er nyleg publisert i tidsskriftet Archives of Neurology. Artikkelen held fram under biletet. Årsaka til den antekne effekten frå omega-3 er at feittsyra høyrer til ei gruppe som i teorien skulle kunne verke betennelse-hemmande på MS. Stig Wergeland og forskarar frå Institutt for klinisk medisin har funne at ei slik effekt ikkje eksisterer i praksis.(Foto: WikimediaCommons) Råmer unge
Wergeland fortel at det tidlegare har vore svært få undersøkingar som har teke for seg effekten av omega-3 på MS-pasientar, og at desse hadde mykje mindre omfang enn den nye studien.
Multippel sklerose råmer oftast unge vaksne i alderen 20-40 år. Sjukdommen gjer at immunforsvaret går til åtak på nervesystemet i hjernen og i ryggmargen. Dette kan utarte seg i form av mellom anna dårleg syn, koordinasjonsvanskar og lammingar. I dag lever om lag 8 500 menneske med MS i Norge, og førekomsten er aukande. Det finst enno ikkje noko behandling som kurerer MS, men immun-modulerande behandling kan til ein viss grad bremse sjukdomsprosessen.
Utbreidd ”medisin”
Ei undersøking frå 1952 indikerte at MS var meir utbredt i innlandet enn langs kysten i Norge, og frå dette vart det resonnert fram til at det kunne vere fiskedietten på desse områda som var årsaka til den lågare førekomsten av sjukdommen her. Frå denne tida har det vore antatt at omega-3 kunne vere fordelaktig for MS-pasientar, og omega-3 tilskot har vorte den internasjonalt mest brukte komplementære behandlinga.
Det er berekna at ein tredjedel av 2,5 millionar MS-pasientar brukar eller har brukt omega-3 tilskot for å bremse sjukdomsutviklinga.
– Sidan det ikkje finst nokon kur for MS er det mange som har anbefalt har omega-3 tilskot til MS-pasientar i Norge og i fleire europeiske land. Dette har fått høve til å forsette fordi dei tidlegare ikkje-kontrollerte studiane antyda ei positiv effekt på sjukdomsutviklinga, seier Stig Wergeland.
Stig Wergeland har forska på omega-3 og MS
(Foto: Helse-Bergen)