Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Utan sprøyterom får vi ikkje noko løysing på narkotikaprobleamatikken i Nygårdsparken, meiner Erlend Horn (V). Onsdag kveld var det duka for narkotikadebatt på Kvarteret.
Universitetet sin næraste nabo er den største opne narkotikamarknaden i Europa, og miljøet i Nygårdsparken blir stadig hardare. Då Studentersamfunnet og Bergens Tidene inviterte til narkotikadebatt på Kvarteret i går var samtlege av paneldeltakarane einige om at det er bruk for kraftigare tiltak, men oppfattinga av kor problemet ligg og kva metodar ein må bruke for å få bukt med det var ikkje alle av dei like samde om. – Kan vi ikkje berre bli einige her i kveld om at vi innfører sprøyterom? Entusiasmen var stor i studentpublikummet då Bergen Venstre sin Erlend Horn tok mikrofonen. Kanskje overraskande rosa han Lisbeth Iversen for tiltakslysta ho viser i jobben som sosialbyråd og han er einig i hennar forslag om bustadar med tilsyn for dei narkomane, men i motsetning til Iversen ynskjer han både bustadar og sprøytrerom. Horn meiner det må vere summen av dei ulike tiltaka som kan gjere ein forskjell, for berre slik kan ein nå alle individa sine behov. – Eg trur ikkje sprøyterom er løysinga på alt, men eg vil påstå at vi ikkje kan få noko løysing utan sprøyterom, seier Horn. Vi må tørre å legge frå oss dogme om kva som er riktig og gale å gjere. Mista verdigheit –Rusmisbrukarane har mista verdigheita for lenge sidan, og no er byen iferd med å miste verdigheita. Kor lenge skal ein diskutere sprøyterom før det blir noko av? spurde nyheitsredaktør i Bergens Tidene, Gard Steiro. Treg prosess – Eg kan godt bruke sju millionar i 2012 og kanskje tretten i 2013 og så vidare, om vi samanliknar med summane vi brukar for å førebygge dødsfall på vegane har vi betrakteleg å gå på, seier Persen. Medisinere brukarne Han meiner at sjølv om vi ikkje kan stoppe flaumen inn av narkotika, så kan vi kneble marknaden ved å medisinere dei tunge brukarane. Når marknaden skrumpar inn vil det ikkje vere eit miljø som nye ungdommar kan oppsøke. – Vi må endre tankegodset. Vi har kunnskapen og pengane til å gjere det, men har vi viljen? I Bergen og i Norge har vi eit unikt utgangspunkt til å vere eit føregangsland i verda når det gjeld ruspolitikk. Det er verkeleg ikkje rusen som er problemet, men årsakene som utløyser rusbruken problemet, formanar Anthun Nielsen.
Nyheitsredaktør Gard Steiro i Bergens Tidene saknar også sprøyterom.
Steiro synest det er mykje bra i Stoltenberg-utvalet sin rapport om narkotika, men han fortvilar over at heile diskusjonen går i stampe når det kjem til utdeling av heroin. Allereie i 1989 hadde BT framsidesaka ”Endelig opprydding i Nygårdsparken”. Dette opppslaget framstår som ironisk i dag, når ein tjue år seinare ikkje har greidd å rydde opp i noko som helst. Steiro meiner det skortar på både viljen og pengebevillingane, men leiar for helse- og sosialkomiteen i Bystyret. Marte Mjøs Persen frå Ap er villig til å bruke meir pengar.
Artikkelen held fram under biletet. – Bergen er ikkje fortapt om vi greier å gå til verks mot årsakene til rusmisbruken heller enn sjølve rusen, meiner tildlegare Megafonredaktør Thomas Anthun Nielsen. Her er Anhun Nilsen flankert av Marte Mjøs Persen (AP) og Gard Steiro (BT) og Lisbeth Iversen (KrF).
Tidlegare redaktør i Megafon Thomas Anthun Nielsen gjekk lenger enn å foreslå sprøyterom til rusbrukarane i Nygårdsparken.